28. mars 2010

Budbringeren (1997)

Dette er ein av dei finaste norske filmane. Hovudpersonen i filmen er Roy, ein postmann som ikkje tek jobben spesielt alvorleg. Han kvir seg ikkje for å opna brev før han leverer dei, og han kvir seg heller ikkje for å gå ein omveg med posttralla si, for å tøma vekk mykje av reklamen eller dei tyngste breva. Når han ein dag finn eit attgløymt nøkkelknippe i låsen til ei postkasse, nøyer han seg ikkje med å låsa seg inn og ta ein liten runde gjennom husværet - han tek like godt kopi av nøkkelen, slik at han også kan gå inn der i framtida.

Han vert fascinert av Line, som eig nøklane, og følgjer etter ho. På det viset vert han blanda inn i ei kriminalsak - ho var med på eit ran der ein kar vart slegen helselaus. Roy høyrer at dei to snakkar om det, og er lur nok til å konfrontera han andre ranaren. Rett nok etter at han har låst inne på eit offentleg toalett, men likevel. Det kjem eit fint klimaks, der Roy greier seg, men berre så vidt. Han andre ranaren misser livet, Roy og Line går saman inn i natta.

Filmen har eit godt manus, med passeleg mange originale vriar til at eg ofte drog på låtten. Filmen er flott filma, alt er grått og brunt og gult, slik at filmen står godt til den generelle stemninga. Det meste av handlinga er lagt til bakgatene i Oslo, der det ikkje er altfor mange prangande neonlys, og også personane i filmen har relativt blasse kostyme. Her er lite glamour. Og det beste av alt er at ingen av desse irriterande skodespelarane frå dei siste åra ikkje er med. Robert Skjærstad er strålande som postmannen, og dei andre skodespelarane er òg gode.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar