10. mars 2010

Tannhäuser (Den norske opera, Oslo, 10.3.10)

Opera kan vera litt av kvart, trur eg. I deler av omgangskrinsen har eg eit operastempel, av ulike grunnar. Det kan spela inn at eg saman med Øystein var vertskap for OperaDart-klubben på Møhlenpris; det kan vel òg spela inn at eg ved fleire høve har uttalt meg i overkant varmt om Wagner. I 1995 sette operaen i Oslo opp heile Niebelungen-ringen; hadde eg hatt meir pengar hadde eg fått med meg det. Brynjulv og eg snakka av og til om at me burde reisa på festspel i Bayreuth for å sjå Ringen der, men det vart det aldri noko av, diverre.

Ei Wagner-framsyning i Oslo er eit heilt greitt alternativ. I den gamle operaen såg eg ein gong Den flygande hollendaren, og eg hugsar enno kor magisk det var då spøkelsesskipet kom glidande fram or røyken på scena. Johan har fleire gonger sagt at han kan skaffa billettar til framsyningar, og sidan Tannhäuser fekk strålande kritikkar i veka som var, spurde eg om han kunne vera til hjelp. Eg hamna like godt i ein av vip-losjane, med fri utkikk både til scene og orkestergrav.

Det var stas. Opera kan jo vera litt av kvart, det er ikkje mange andre stader overvektige og oversminka mezzosopranar kan kle seg ut som budeier, ta på seg ein parykk med lange, tjukke fletter, og framstå som dei mest ettertrakta kvinnene i verda. Slik var det her òg, og dei hadde i tillegg henta fram minst eitt kostyme frå kvar einaste framsyning på nittenhundretalet. Scenografien var imponerande, det nye bygget har sjølvsagt ein del tekniske løysingar som driftsleiarane etter kvart har fått taket på. Eg kunne gjerne tenkt meg litt fleire valkyriar, men ein kan jo ikkje få alt.

Handlinga er som vanleg fort referert. Heinrich Tannhäuser slumpar til å koma i kontakt med ei gudinne som bur i Venusberget. Han kjem attende til Frelsesarmeen, der han i ein songkonkurranse kjem i skade for å nemna at han har hatt nærkontakt med ei dame. Han vert sendt til Roma for å be om tilgiving. Det får han ikkje, og Elisabeth, kjærasten hans, døyr før han kjem attende, truleg av sorg. Så kjem han heim, og døyr like godt han òg. Det var det. Operaen er ikkje akkurat ein sjanger som krev rask handling og kompliserte historier, så Wagner brukte truleg ikkje mange timane på å få på plass dei ytre rammene i historia. Eller librettoen. Eller kanskje han brukte lang tid - han skreiv mange ulike versjonar av Tannhäuser.

Operaen har tre akter. Opningsakta var sånn midt på treet, den siste var meir enn godkjent, men akta i midten var rett og slett fabelaktig. Solid synging, spesielt av ho svenske puslingdama som spelte Elisabeth. I denne akta var det tusenvis av songarar på scena, som alle tok i det dei kunne. I avslutninga fekk òg musikarane køyrd seg. Med ein bakgrunn som min sat eg og funderte på kva Wagner hadde fått til viss han hadde levd hundre år seinare, og brukt elektriske gitarar, platestudio, osb.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar