16. april 2010

Beautiful Dreamer: Brian Wilson and the Story of 'Smile' (2004)

På denne DVD-en er det nokre ekstraspor, og eitt av dei seier eigentleg alt. Plata Smile vart urframført i London i februar 2004, og ein del tilfeldige publikummarar vert intervjua på veg ut frå konserten. Fleire av dei ser ut som om dei knapt kan tru det dei har sett, og omtalar dette som den beste kvelden dei har opplevd.

Det er nærliggjande å dra parallellar til kristendommen, eller til andre religionar. Plata Smile stod opp frå dei døde, og det er denne reisa denne filmen fortel om. Det er ein fantastisk film.

Beach Boys var eitt av dei mest populære banda i 1960-åra. Dei gav ut ei lang rekkje med hitsinglar, men for Brian Wilson, komponisten og den musikalske hjernen i bandet, var ikkje dette nok. Han ville vidare, han måtte vidare. Etter kvart turnerte dei andre utan han, medan han var i studio for å laga musikk, og for å spela han inn.

Saman med The Beatles førte han popmusikken inn på nye vegar. Frå kvar si side av Atlanteren prøvde dei å finna nye lydar, nye måtar å spela inn musikk på. Beach Boys gav ut Pet Sounds i mai 1966; The Beatles gav ut Revolver tre månader seinare. Då var Wilson alt i gang med Smile, og alle som snakkar om den innspelinga på denne filmen er samstemde: Han var i ferd med å toppa sjølvaste Pet Sounds. Slik gjekk det ikkje. Han var ustabil, psykisk sett, og då Beach Boys kom attende frå ein turné i Storbritannia og fekk høyra det han hadde spelt inn, var Mike Love, ein av gruppemedlemmane så kritisk at Wilson mista piffen. "He hated it", seier Wilson i filmen. Ein annan grunn var at under innspelinga av "Mrs. O'Leary's Cow", ein song om ei ku som skal ha starta den store bybrannen i Chicago i 1871, brann eit hus i nabolaget ned. Wilson, som vart gradvis meir ustabil, var overtydd om at det var songen hans som var skuld i den brannen. Nokre av songane dei spelte inn vart brukt på andre plater, men Smile-prosjektet vart lagt på is. Ein annan ting som bremsa entusiasmen hans var at han høyrde "Strawberry Fields Forever" på radio, og innsåg at Beatles hadde slått han.

Wilson braut etter kvart med Beach Boys, og trekte seg langt vekk frå rampeljoset. Smile var på god veg til å verta den beste plata som aldri hadde vorte utgitt. I 2003, omtrent, framførte Wilson ein av Smile-songane ("Heroes and Villains") på ein konsert til ære for seg sjølv, og fekk ein ekstrem respons frå salen. Uventa nok gjekk han i ettertid med på å framføra plata på nokre konsertar i London, og øvingane fram mot denne konserten står sentralt i den andre delen av filmen.

Darian Sahanaja (frå The Wondermints) skal ha mykje av æra for at Wilson kom i mål. Han arbeidde mykje med Wilson, både på tomannshand og saman med fleire. Den tredje av dei mest sentrale var tekstforfattaren Dyke Van Parks, som kjem inn igjen i prosjektet av di Wilson ikkje greier å hugsa alle tekstane.

Øvingane er flott filma, og viser korleis Wilson kjem gradvis attende til musikken. Dei fyrste øvingane er heime hjå han, og med unntak av eit lite keyboard er det berre vokale øvingar. Wilson sit berre og ser på dei andre, av og til ser han ut som om han har sovna, men etter nokre dagar nynnar han litt med, før han tek steget heilt ut. Stemma hans er ikkje som den var, men han syng greitt nok.

Før den fyrste konserten i London er Wilson, ikkje uventa, meir nervøs enn nokon gong før. Men konserten vert ein triumf, publikum er i ekstase, og dei får ti minutt ståande applaus. Sahanaja seier at det var endå meir applaus dagen etter.

Det er altså dette filmen handlar om - den avbrotne innspelinga av Smile i 1967, og korleis plata endeleg vart utgitt i 2004. Ei rekkje musikarar og vener av Wilson snakkar på filmen, og Wilson fortel sjølv om korleis han opplevde 60-åra, og den nye innspelinga. Han verkar redusert, men verkar veldig open, det ser ut som om han seier ting slik han opplevde. Ingen andre av medlemmane i Beach Boys er med. Der er ei rekkje store scenar i filmen. I eit fjernsynsprogram frå omtrent 1966 snakkar Leonard Bernstein om kvalitetane i popmusikken, og der spelar Wilson "Surf's Up" åleine, på piano. Fabelaktig. Scenene frå øvingane er gode, og du skal vera bra tørr om hjarta viss du ikkje får klump i halsen då Van Dyke Parks kjem opp på scena etter den fyrste konserten, for å ta mot litt applaus saman med Wilson.

Wilson turnerte seinare med Smile, og spelte i Oslo sommaren 2004. Eg var der, med større og større klump i halsen. Dei avslutta med "Good Vibrations", og den framføringa gjekk rett inn på topp fem-lista over ting eg har høyrd frå ei scene. Wilson sat der og dingla med føtene, og koste seg som ein liten unge. For ein mann. For ein song. For ei plate. Og for ein film.

Guffen tilrår.

Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)
Steven Gaines: Heroes & Villains (1986)

Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)
Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)
Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)
Brian Wilson. Long Promised Road (2021)
David Leaf: God Only Knows (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar