23. april 2010

Crazy Heart (2009)

I Crazy Heart spelar Jeff Bridges ein litt for rutinert countryartist, Bad Blake. Han nærmar seg dei seksti, og lever eit monotont og relativt keisamt turnéliv: Han opptrer på små klubbar, der han kvar kveld vert backa av eit lokalt band, der publikum ikkje er spesielt mange, og der han plukkar med seg ei dame frå publikum kvar kveld.

Blake har vore omtalt som ein slektning av The Dude i The Big Lebowski. Dei er kanskje fjerne slektningar, men det er meir som skil dei enn som bind dei saman. Det dei har til felles er ein hyppig bruk av rusmiddel, for Blake sin del er det stort sett whisky. The Dude er godt nøgd med det han har, Blake er misnøgd, og går òg til noko så lite dudesk som å slutta å drikka. Likevel - også filmskaparane må ha vore klar over denne likskapen. Filmen opnar like godt med at Blake skal ha konsert i ein bowlinghall.

Det som endrar livet til Blake er ein journalist han møter. Dei likar kvarandre godt, og held kontakten, og etter ei tid tek ho med seg den fire år gamle sonen sin på eit helgebesøk til Blake. Der skjer det seg; Blake skal passa sonen nokre timar, men medan han nett er ein liten tur innom ein bar for å få seg eit glas, forsvinn guten. Han dukkar opp att, men mora kan ikkje stola meir på Blake. Han legg vekk flaska, og bruker i staden tida på å skriva nokre nye songar, slik ei ung countrystjerne har bede han om. Akkurat her burde filmen ha fått ein heilt open slutt, men det kjem i staden ein kort epilog. Seksten månader seinare er Blake a) velståande, av di ein av dei nyskrivne songane hans har vorte ein slager for den unge countrystjerna, b) edru, og c) igjen på talefot med journalisten. Sjølv om ho har funne seg ein ny, vert denne happy endinga litt for happy, og bryt for mykje med tonen i filmen.

Historia er ikkje altfor original, men Bridges bergar filmen. Han er solid gjennom heile filmen, og det ser til og med ut som om han syng og spelar gitar sjølv. Handlinga er lagt til dei sørvestlege statane i USA, slik at det vert mange passeleg fine naturbilete. Ein fin film, sjølv om dei som ventar seg ein ny Lebowski altså vert skuffa. Eg trur ikkje eg lo ein einaste gong.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar