26. mai 2010

Dazed and Confused (2003)

Det verkar som om stikkordet for denne filmen er overgangar. Ungdomane me møter er alle på veg inn i noko nytt. Det kan vera ein ny klasse på skulen. Det kan vera ein ny skule. Det kan vera ein gut som vert ungdom, eller ein ungdom som vert vaksen.

Filmen handlar om 24 timar, omtrent, dei fyrste 24 timane av sommarferien i 1976. Det opnar med ein del idiotiske tradisjonar ved ein amerikansk highschool. Avgangsgutane skal bruka balltre på bakendane til yngre elevar; avgangsjentene skal få dei yngre jentene på skulen til å oppføra seg som neper. Slik det sømer seg i amerikanske ungdomsfilmar møter me mange ulike ungdomar – nerdar, idrettsfolk, doparane, skuletaparar. Nokre ser på desse tradisjonane som meiningslause, for andre er det det einaste som gjev meining. Det vert ingenting av den planlagde festen, så løysinga denne kvelden vert i staden å køyra litt rundt, før alle samlar seg ute i skogen. Alle drikk; dei fleste røyker hasj.

Det er ei enkel og grei historie, altså, og det skjer ikkje noko uventa. Det er likevel mange gode underhistorier. Det er godt skodespel, kanskje spesielt frå han 15-åringen som er med dei eldre ungdommane på fest for fyrste gong. Eg var aldri i USA på 70-talet, men det ser ekte ut, utan at det tippar over i parodien. Det ser ut til å vera eit godt tidsbilete, og det er finfin musikk. Det er ein heilt grei film.

Guffen tilrår.

Meir Linklater på kulturguffebloggen
Before Sunrise (1995)
Before Sunset (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Bernie (2011)
Before Midnight (2013)

Boyhood (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar