23. mai 2010

Nord (2009)

Utan Anders Baasmo Christiansen hadde ikkje denne filmen vorte så bra. Av dei unge og profilerte norske skodespelarane er han den suverent beste, og han har mange fine scener her. Det skulle forresten berre mangla, han er vel med i kvar einaste scene i filmen.

Han spelar Jomar Henriksen, ein mann rundt tretti. Han har hatt eit mindre samanbrot, og arbeider på ein skiheis. Det går ikkje så bra, og etter at skiheishuset han bur i tek fyr, stikk han av, og køyrer snøscooter nordover for å finna ei fire år gamal jente han er far til, og som han (truleg) aldri har sett.

Han er ikkje heilt i stand til å klara seg sjølv. Den fyrste delen av turen køyrer han utan solbriller, og vert snøblind. Då scooteren bryt saman, er han ute av stand til å reparera han, men får hjelp av ein lokal gut. Resten av vegen går han på ski. Han går utan kart, og legg av ein eller annan grunn ruta langt vekke frå dei meir trafikerte dalane. Han kjem over samar som er lei av livet, og dumpar òg midt oppi ei militærøving.

Filmen tek aldri heilt av. Det som skal vera komisk vert ikkje morosamt nok, og naturbileta vert heller ikkje storslegne nok. Rundt Baasmo Christiansen er der berre amatørskodespelarar, og alle desse står ikkje fram som imponerande. Der er likevel litt å le av, og Baasmo Christiansen er altså solid. Og filmen er langt betre enn Ni liv, som etter det eg kjenner til er den andre norske filmen der ein kar vert snøblind på veg gjennom eit nordnorsk landskap.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar