24. juli 2010

Carl Frode Tiller: Innsirkling (2007)

Planen var å lesa denne boka for to år sidan, men den planen forsvann i flyttelasset. Marit hadde kjøpt boka, og var godt i gang med lesinga. Eg ville venta til ho var ferdig, men under pakkinga vart boka liggjande i ei dårleg merkt øskje, slik at korkje ho eller eg kom vidare i lesinga. Eg hadde lese dei to andre romanane til Tiller, og var imponert, særleg over debutboka, Skråninga. Eg likte spesielt måten han fekk fram at forteljaren i den boka ikkje var til å stola på.

Også i Innsirkling bør ein vera skeptisk til forteljarane. David har mist minnet, og gjennom ei lysing i avisa vert dei som kjenner han oppmoda om å senda inn alt veit om han, slik at han kan få vita meir om seg sjølv. I boka fortel tre av dei litt av det dei hugsar - Jon (ungdomsven og eks-kjærast), Arvid (stefar), og Silje (ungdomsven og eks-kjærast).

I desse tre delane vekslar Tiller mellom brev der forteljarane ser tilbake, og kapittel der handlinga er lagt til sommaren 2006. På denne måten vert me ikkje berre kjende med David, men like mykje med dei tre andre. Både Arvid og Silje skriv om Jon, til dømes, slik at me sit att med eit ulikt bilete av kven han er. Han pyntar sikkert sjølv på sitt eige bilete, men likevel - kan dei to andre ha grunnar til å skapa eit anna bilete av Jon? Alle tre skriv om forholdet David hadde til mor si, og til den ukjende far sin, og forholdet mellom åleine-foreldre og ungar går igjen gjennom heile boka. Jon er som snarast på vitjing hjå mor si; Silje har som snarast vitjing av mor si. I begge desse delane er der òg kranglar mellom sysken - Jon kranglar med bror sin, sambuaren til Silje kranglar med bror sin.

Det er altså ei innhaldsrik bok, og det heile vert fortalt på ein glimrande måte. Til liks med Skråninga, der det altså gradvis går opp for lesaren at forteljaren er mentalt ustabil, kjem det her ein liten vri til slutt. Eg såg ikkje at den kom til å koma. Det heile er betre kamuflert denne gongen, og det kan vera grunnen til at Tiller har valt å skriva det rett ut.

Eg er altså svært godt nøgd, men har likevel to innvendingar. Den eine går på at Tiller, mest i skrivestil, legg seg tett opp til Jon Fosse. Den andre går på at sjølv om Tiller skriv svært godt, skriv han svært dårleg nynorsk. Det florerer med enkle skrivefeil, og det er heilt uforståeleg at eit forlag som Aschehoug ikkje tek seg råd til å bruka ein korrekturlesar som kan nynorsk.

Guffen tilrår.

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Bipersonar (2003)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Portrett av ein varulv (2011)
Innsirkling 3 (2014)
Kven er redd? (2015)

Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Begynnelser (2017)
Flukt (2021)
Det framande landet (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar