18. juli 2010

Vidar Kvalshaug: Ingen landevei tilbake (1996)

Det er rart med det. Me pakka (endeleg) ut bøkene som har lege innpakka sidan me flytta hit for bortimot to år sidan. Ein eller annan stad, i ei bok eller i eit blad, dukka det opp eit bilete av Rui-jentene. Eg visste ingenting om dei, Marit visste det meste. To korte og gamle systre budde for seg sjølv ein stad i Telemark, og hadde fått invitasjon til kongevisitas. Biletet der dei står ved ein gardist utanfor slottet er fabelaktig.

Eg plukka med meg nokre bøker eg ville lesa, og tok fyrst til med denne boka av Kvalshaug. Eg kjenner han ørlite, for mange år sidan var eg såvidt innom heimen hans på Nordmøre, og veit at han har svært god smak* når det gjeld bøker. Dette er debutromanen hans, og kva er det fyrste eg ser når eg opnar boka? Ho er dedikert til Rui-jentene.

Grunnen verkar opplagt: Boka handlar om to eldre brør som ikkje heilt har kome i gang med overgangen til det moderne samfunnet. Dei lever i og av skogen, og er fåmælte og jordnære. Dei stikk oftare fingeren i jorda enn inn i bokhylla, for å henta fram ei formulering eg brukte i ein annan samanheng. Då faren døydde, grov han ned dei kontantane han hadde ved posthuset, og då posthuset skal rivast, finn den eldste broren ut at pengane må hentast. Dei handlar inn det dei treng av kvitevarer, men veit ikkje heilt korleis dei skal bruka dei. Desse kvitevarene er truleg òg grunnen til at den eldste broren døyr; ein sein kveld, medan han andre er på dans, brenn huset ned. Den mest opplagde forklaringa er at det elektriske anlegget ikkje har takla desse nye maskinene.

Kvalshaug skriv knakande godt. Språket er rikt og truverdig, og han fortel òg historia på ein god måte. Han deler ikkje ut meir enn det lesaren treng, og har ikkje hast med å henta fram det me treng for å sjå heile samanhengen. Lesaren må vera litt tolmodig, og det løner seg òg når det gjeld språket. Her er gode formuleringar og gode metaforar, og det er i det heile ei bok som gjev ein lyst til å lesa meir av Kvalshaug. Han har gjeve ut fleire bøker, og eg har lese nokre av dei, men det vert litt som med Kjetil Brottveit - ein skulle ynskja at dei heller skreiv bøker, enn å arbeida med andre ting.

Guffen tilrår.

* "Svært god smak" tyder sjølvsagt at han likar mange av dei same forfattarane som eg likar.

Meir Kvalshaug på kulturguffebloggen
Nesten som på film (1998)
Juling og andre kjærtegn (2000)
Komme hjem og reparere hus (2005)
Den første av dine aller siste sjanser (2009)
Trampolineland (2012)
Alt på stell (2016)
Blodbøksommer (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar