10. august 2010

Stephen Ambrose: Undaunted Courage (2005)

Frå 1803 til 1806 leia Meriwether Lewis og William Clark ein ekspedisjon tvers over det amerikanske kontinentet. Dei var sende ut av presidenten, Thomas Jefferson. Som alle andre gode amerikanarar såg han vestover. For landet ville det vera ideelt med ei utviding vestover. Jefferson var òg ein hauk etter kunnskap, og ville vita så mykje rom råd. Ein ting var at det indre av kontinentet var ukjent for kvitingar; ein annan ting var at han gjerne ville vita om der fanst ein lett veg til vestkysten av kontinentet - det ville i tilfelle gjera handelen med Asia lettare.

Lewis var nært knytt til Jefferson, og budde mellom anna lenge i presidenthuset. Saman la dei planar for ekspedisjonen, kvar han skulle gå, kor mange som skulle vera med, kor mykje dei skulle ha med seg, osb. Meininga var at Lewis skulle vera den einaste offiseren i reisefølgjet, men etter kvart vart det klart at dei måtte ha med ein til, slik at Clark, som Lewis kjende frå militæret, òg vart med. Ambrose konsentrerer seg likevel mest om Lewis. Han var med i alle førebuingane, var nok ørlite meir reiseleiar enn Clark (sjølv om dei formelt var jamstelte), og var den som kunne ha vorte den heilt store nasjonalhelten etter at dei kom heim. Slik gjekk det ikkje.

Då planlegginga starta, var det store innlandet i noverande USA i fransk eige. USA forhandla med Frankrike om å kjøpa området rundt New Orleans, men vart gledeleg overraska då Napoleon var viljug til å selja alle landområda Frankrike åtte på det amerikanske kontinentet. Tilfellet ville at denne avtalen vart underskriven dagen før Lewis og Clark tok ut.

Dei reiste langs elva Missouri, så langt det lot seg gjera. Dette var ukjent land, i alle fall for kvitingane. Dei kjem seg over Rocky Mountains, og padlar ned elva Columbia til vestkysten. Ruta over fjellkjeda var krevjande, og på veg ned Columbia padla dei stryk berre ekspertar prøver seg på i dag. Dei møtte mange indianarstammar, sjølvsagt, og prøvde å handla og vandla med dei. Det gjekk ikkje alltid like godt, men somme tider gjekk det etter planen og vel så det. Dei hadde ikkje greidd seg over Rocky Mountains utan indianarguidar, og var òg avhengig av hjelp frå indianarar då dei overvintra ved vestkysten.

Lewis hadde ein plan om å etablera eit nettverk av handelsstasjonar retta mot indianarane, og var òg naiv nok til å tru at han kunne vera fredsmeklar mellom dei stammene som låg i krig. Han kritiserer indianarane ved fleire høve, mellom anna av di dei skal ha altfor mykje for varene ekspedisjonen treng. Han greier ikkje å sjå at dei oppfører seg slik handelsmenn gjer - så lenge indianarane var dei einaste som kunne selja kanoar og mat og anna til kvitingane, gjekk prisen opp. Ved eitt høve finn denne sjølvutnemnte fredsmeklaren ut at det einaste rette er å stela ein kano frå indianarstamma dei har fått hjelp av i fleire månader. Ikkje rart at indianarane var og vart skeptiske til kvitingane som kom seinare.

Stephen Ambrose skriv om denne ekspedisjonen, og det gjer han svært godt. Eg har lese éi bok av han tidlegare, ein dobbelbiografi om Crazy Horse og general Custer, der han ikkje kvidde seg for å framstilla Custer som skurken. Slik er det tidvis i denne biografien òg, han er sterkt positiv til Lewis, men kvir seg ikkje for å omtala nokre av handlingane hans om idiotiske. På veg attende til austkysten veit Lewis at det ikkje fanst nokon lett veg over Rocky Mountains, og sidan han er klar over at dette vil skuffa Jefferson, finn han ut at ekspedisjonen må dela seg i nokre små grupper. Sjølv tek han med seg fire-fem mann nordover langs Maria-elva, for å finna ut kor langt nord den går. Vegen hans går gjennom område som var kontrollerte av Blackfoot-indianarar, som gjekk for å vera dei mest krigerske av alle indianarstammer. Nokre indianarar prøver å stela nokre av hestane til ekspedisjonen, og det endar med at dei tek livet av minst ein indianar. Dei flyktar så fort dei kan, og det kan berre ha vore flaksen som redda dei.
Lewis får mykje skryt for dei botaniske og zoologiske kunnskapane sine. Dei fann fleire hundre ukjende plante- og dyreartar, og måten desse er skildra på skal vera framifrå.

Etter reisa venta alle på at Lewis skulle gje ut dagbøker frå turen. Så langt kom han aldri. Han drakk for mykje, fann ingen som ville gifta seg med han, tok på seg ein guvernørjobb som absolutt ikkje passa, og fekk store pengeproblem. Han tok livet av seg i 1809, rundt tre år etter at ekspedisjonen var over. Utdrag og samandrag av dagbøkene vart gitt ut i 1814, men dei selde lite. Ikkje før i 1904 vart dei samla dagbøkene gitt ut, i åtte band, og dette førte til ei auka interesse for ekspedisjonen. I dag finst det bøker om ei mengd sider ved ekspedisjonen, og det er vanleg å reisa langs ruta dei gjekk. Nokre få stader langs denne ruta er naturen framleis urørt.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar