23. oktober 2010

Arnfinn Kolerud: Når ein først skal skyte nokon (2010)

Det er ikkje mange bøker som er løgnare enn bøkene til Arnfinn Kolerud. Han skriv knakande godt, og greier å sjå noko humoristisk i heilt vanlege situasjonar. Han leikar med orda, han skapar gjerne komikk ut av at folk misforstår det som vert sagt, eller at dei bruker feil ord. Han veit kor lenge ein vits er morosam, av og til dreg han det ut over fleire sider, andre gonger er det over på eintotre. Det er ikkje ofte eg ler høgt av bøker eg les, her gjorde eg det fleire gonger.

Boka opnar og endar med to brotsverk. Begge desse vert utførte av Orm Åkerstein, og begge vert utførte som ein del av målstriden. Det første er retta mot Posten, og er ein protest mot all reklamen som kjem på bokmål, det andre er retta mot bjørnen Ivar i Dyreparken i Kristiansand, og vert gjort for å hindra at andre Ivarar kan stå i vegen for sjølvaste Ivar Aasen. Dette siste brotsverket fører forresten med seg eit anna og meir tilfeldig brotsverk òg.

Innimellom desse to er der mange andre døme på korleis ein kan kjempa for målsaka. Dirigenten i det lokale koret får gjennomgå etter at berre ein av åtte songar under ein konsert var på nynorsk. Dagleg leiar i Lillestrøm Sportsklubb får vitjing av ein buss vestlendingar som gjerne vil heie på Veslestraumen, og som har døypt heimebana om til Aar-Aasen. Sylvia reiser rundt til tinghus i bokmålskommunar for å be om bustøtteskjema på nynorsk. Bendik Uføre held foredrag om ein hypotese han har, nemleg at folk likar betre ord med mange vokalar, og sidan nynorsk har fleire vokalar enn bokmål, er det eit betre språk.

I boka er det mange bokmålskommunar. Åkerstein og dei andre held til i Vassbygda/Vassbygdi, den einaste staden i landet nynorsk framleis vert brukt. Der er sjølvsagt likevel intern strid blant nynorskbrukarane, nokre vil ha i-mål, andre vil ha a-mål. Sylvia vil ha a-mål, og køyrer rundt i ein Audi med Auda-skilt, Uføre vil ha i-mål, og har ein Toyota med Toyoti-skilt.

Det er freistande å ta med lange utdrag frå boka. Det gjer eg likevel ikkje, men dei episodane eg lo mest av var då Åkerstein på tur til Bergen møtte fem kvinner. Desse møta, kanskje med unntak av det i midten, er alle strålande. Foredraget til Uføre er òg glimrande. Men gjennom, heile boka er det, slik eg har vore inne på, nok å le av.

Boka er fyrste del av ein trilogi. Eg gler meg stort til det neste bandet, for å seia det veldig forsiktig.

Guffen tilrår.

Meir Kolerud på kulturguffebloggen
Langt frå bambus (1999)
Den som ikkje har gøymt seg no (2004)
Zommarferien (2007)
Kom ikkje inn i mitt hus (2012)
Snillionen (2017)
Gamle menn i syningom (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar