21. oktober 2010

Frå arkivet: Lotion: Nobody's Cool (1995)

Midt i 90-åra var den engelske musikkscena rimeleg uinteressant. Det var Britpop opp og ned og i mente, og den musikkretninga handla heller lite om musikk. Kva artistane dreiv med var like viktig som musikken. Eg anar ikkje om blad som Select og Vox dukka opp parallelt med Britpop, men eg har ei kjensle av at dei dyrka Britpop-banda som om dei skulle frelsa verda.

Denne engelske nedturen var skuffande for ein som meg, som lenge hadde hevda at musikklivet i England var betre enn det i USA. Det må ha vore omtrent på denne tida at eg merka at eg høyrde langt meir på amerikansk musikk. Mange av dei nye gruppene eg plukka opp, som Lotion, var amerikanske. Lotion heldt til i New York.

Ein av platebutikkane i Bergen, eg hugsar ikkje lenger kva han heitte, selde eldre utgåver av Vox og Select, til langt under halv pris. Av og til gjekk eg innom og kjøpte ei lita bunke, av og til dukka det jo opp noko av interesse. I eitt av desse blada var det ei kort melding av denne plata, og ein av setningane der var nok til at eg merka meg plata, og at eg kjøpte ho nokre dagar seinare. Setningen hadde ingenting med musikk å gjera, det stod berre noko om at sjølvaste Thomas Pynchon hadde skrive ein tekst til omslaget. Det var nok for meg, sjølv om det ikkje gjorde noko at musikken høyrdest lovande ut.

Plata rockar. Det er eitt stort øs heile vegen, ikkje eit massivt og tungt øs, men eit skranglande og sjarmerande øs. Hm. Det høyrdest litt rart ut. Eg prøver igjen - det er mykje gitarar på plata. Dei er skeive, dei går rundt kvarandre, og med nokre få unntak er songane svært energiske. Det er intelligente tekstar, det er oppfinnsame rytmar, og det heile fungerer svært godt. Songane handlar om det vanlege, hadde eg nær sagt - det er mykje om damer, det er mykje om oppvekst og ungdom, og det er litt om vald. Ein av dei merkelegaste songane er "Sandra", der hovudpersonen er ein mann som er dømt til å halda seg minst femti fot vekke frå Sandra, som er alt han kan tenkja på.

Der er altså nokre unntak. Der er ofte éin song som ikkje burde vore med, og her er det "Precious Tiny", ein song som varer i nesten ti minutt. Det er ingenting i vegen for at songar kan vera lange, sjølvsagt, men då må det skje noko i dei. I dette tilfellet går bandet tomme for idear heller tidleg.

Eg høyrde mykje på denne plata då ho kom, og drøymde til og med om ho om natta. I ein draum innsåg eg (ikkje uventa) at tittelen var eit ordspel på uttrykket "nobody's fool", og i same draumen innsåg eg brått at også tittelen på debutplata deira, "Full Isaac" var eit ordspel på eit anna uttrykk. Då eg vakna irriterte eg meg lenge over at eg ikkje greidde å hugsa kva uttrykk det var.

Kva skjedde etterpå? Plata selde heller lite. Nokre år seinare gav Lotion ut ein ny CD. Denne hadde ingen tittel, men vert omtala som "The Telephone Album", etter illustrasjonen på omslaget. Det er òg ei fin plate, men også den selde lite, og då fann dei fire i bandet like godt ut at dei kunne gje seg.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar