15. oktober 2010

Frode Grytten: Dronninga er død (2010)

Ein gong i tida var The Queen is Dead med The Smiths ei av platene eg sette aller høgast. Eg høyrde på ho dagleg, eg levde meg inn i tekstane, som eg kunne utanåt. Dei handla dels om England, dels om kjærleik, men det var heile vegen noko som kunne overførast til eige liv og eigen heimstad.

Det er ikkje nokon stor løyndom at Frode Grytten òg er svak for The Smiths. For meg har interessa dabba av, han ser ut til å visa nesten like stor interesse for det spesielt vokalisten Morrissey gjorde etter at The Smiths vart oppløyst i 1987. Han har skrive mykje om bandet, og har snakka mykje om bandet.

Her tek han han heilt ut, og vert (endeleg) Odda sitt svar på Morrissey. Han tek utgangspunkt i originaltekstane, og har overført dei til norsk, men det er meir snakk om gjendikting enn omsetjing. Tekstane i dette heftet handlar ikkje om England eller Manchester, dei handlar om Noreg og Odda. Der Morrissey syng om at "Keats and Yeats are on your side", skriv Grytten at "Halldis M. og Olav H. er på sida di". Han leikar med tekstane, "Domprost i strutteskjørt" ("Vicar in a Tutu") er meir prosa enn poesi, men det gjer ingenting. Han hentar òg inn omsette liner frå andre Smiths-songar, i "Flåkjeft slår til igjen" ("Bigmouth strikes again") dukkar orda "kjæraste i koma" opp.

Det heile fungerer altså glimrande. Tekstane står godt på eigne bein, men det var òg stas å sjå Grytten framføra dei, saman med dyktige musikantar.

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

Meir The Smiths på kulturguffebloggen
Simon Goddard: Mozipedia (2009)
Tony Fletcher: A Light That Never Goes Out (2012)
Morrissey: Autobiography (2013)
Julie Hamoll: 15 Minutes With You (2015)
Johnny Marr: Set the Boy Free (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar