19. oktober 2010

Heima (2007)

Det vert ikkje mykje vakrare enn dette.

Sigur Ros er eit fabelaktig band frå Island. Musikken deira er hypnotisk, svevande og lågmælt, og songane har det ikkje travelt med å verta ferdige. Til liks med Motorpsycho er dei nokre kløpparar på å byggja opp songane i nokre flotte crescendoar. Eg har vore på konsert med dei to gonger, ein gong i Oslo i 2006, og ein gong i Trondheim nokre år tidlegare, då dei hadde sett musikk til eit islandsk epos. Eg trur det heitte noko slik som Ravna flyg. Begge desse konsertane var flotte, den i Oslo er ein av dei beste eg har vore på nokon gong.

Konserten i 2006 var ein del av ein verdsturné. Etter at den turneen var over, la dei inn eit par veker med turné på Island, og det er dei vekene denne filmen handlar om.

Dei oppsøkjer små plassar, plassar der det ikkje har vore konsertar på lenge. Alle stadene er det godt oppmøte, av folk i alle aldrar. Dette er noko av det sterkaste i heile filmen, korleis dei dreg til seg eit svært ulikt publikum, som alle ser ut til å ha det fint. Dei stoppar fleire utenkjelege stader, mellom anna i Djupavik, der det berre er to fastbuande, og ved ein nybygd monsterdam, der dei held ein akustisk konsert. Det er heller lite publikum på desse to konsertane, og på mange av dei andre, men det gjer ingenting.

Innimellom alt dette kjem det mange bilete frå Island. Landet passar som hand i hanske til musikken til Sigur Ros, begge delar er av og til massivt, men oftast ope og tomt. Det er mykje musikk i filmen, men òg mykje snakk, og dei fire i bandet framstår som gode personar, der dei snakkar islandsk-engelsk.

Det er altså ein flott film. Han er heilt ulik andre turnéfilmar, her er det lite rockestjernefakter og -festar, mellom konsertane spelar dei heller krokett eller leikar med drakar.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar