15. desember 2010

Gaute Heivoll: Før jeg brenner ned (2010)

I denne boka går Heivoll attende til heimbygda si, Finsland. Handlinga ligg på tre nivå, og er lagt til tre tidsperiodar. I 1978 går ein pyroman rundt i Finsland og tenner på hus. Tjue år seinare flyttar Heivoll til Oslo for å studera, men finn gradvis ut at han heller vil skriva på heiltid. Far hans døyr omtrent på denne tida. Eit nytt tiår seinare er Heivoll igjen attende i Finsland, for å skriva ein roman om korleis bygda opplevde brannane i 1978.

Denne tredelinga fungerer godt. Det gjer romanen rikare, slik at boka vert langt meir enn ei forteljing om ein som likar å brenna ned hus. Boka handlar mellom anna om samhald, det handlar om å vera trygg, og det handlar om tilhøvet mellom far og son.

Det er likevel pyromanhistoria som er den sentrale. Den er godt skriven, det vert tidleg klart kven som tenner på brannane, men det er likevel spanande å følgja desse delane av teksten. Pyromanen, Dag, var skuleflink og ville studera, men endra seg etter at han var i militæret. Far hans var like godt brannsjef i kommunen, og Dag var med på sløkkinga av alle brannane. Han hadde ei eller anna form for sinnsliding, og dette var med på å gje han ei mildare straff. Det verkar som om foreldra tok det tyngre enn han, dei måtte leva vidare med skamma.

Det heile er altså bra, men eg er likevel litt skuffa. Kanskje boka har fått for mykje skryt, kanskje eg venta meg for mykje? Eg greier ikkje heilt å setja fingeren på kva som manglar. Det einaste som irriterte meg under lesinga var korleis Heivoll rett som det er let korte setningar stå som eigne avsnitt, av typen "Og så." eller "Men altså".

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar