10. desember 2010

Into The Wild (2007)

Christopher McCandless er ikkje altfor imponert over det amerikanske samfunnet. Han har nett fullført college, og foreldra har store planar for han. Han skal få ein ny og dyr bil som eksamenspresang, og dei skal betala det meste av den vidare utdanninga hans. Han er ikkje interessert i det i det heile. Han vil ut av samfunnet, han vil prøva noko nytt. Han gjev vekk alle pengane sine og reiser mot Alaska, der han vil leva som eremitt ei tid, for å finna ut kva han skal gjera med livet sitt.

Han stoppar nokre stader og jobbar litt, nokre stader stoppar han hjå folk han møter, men han er heile tida klar på kvar han skal. I Alaska kjem han over eit bussvrak, og dette vert heimen hans. Han les, han skriv, og han lever av det han finn i naturen. Heilt til han døyr av det han finn i naturen, rundt to år etter at han slutta på college. Han blandar saman to plantar, og et ein giftig plante.

I filmen, som er basert på ei sann historie, som først vart fortalt i bokform av Jon Krakauer, følgjer me McCandless gjennom desse to åra. Han er ekstremt fokusert, og vert framstilt som ein høgst oppegåande person. Han har heile tida gode svar på kvifor han gjer det han gjer, og det kjem godt fram kvifor han ikkje likar det moderne samfunnet. Den fyrste tida i Alaska verkar han òg svært lukkeleg. Han kjem frå ein heim der ting slettes ikkje er harmoniske, men i bussen finn han ein heim han har det godt i. Også på veg til Alaska har han det godt. Utan pengar, utan bil og utan jobb kjenner han seg langt friare enn han ville gjort med alt dette. Den einaste staden han kjenner seg redd eller trua på turen vestover, er då han er i Los Angeles. Der vert han for innestengt.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Jon Krakauer: 
Into the Wild (1996)
Carine McCandless: The Wild Truth (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar