9. desember 2010

Keith Richards: Life (2010)

Rolling Stones? Uinteressante. Eg har ingen av platene deira, og eg trur ikkje eg er i stand til å kjenna att meir enn ein fem-seks av songane deira. Eg kjenner likevel godt til historia deira, eg les jo Mojo jevnt og trutt. Og det treng heller ikkje vera slik at ein må kjenna musikken til den biograferte, eg hadde til dømes stor glede av den glimrande boka til Patti Smith. Så då sjølvbiografien til Keith Richards fekk rosande omtale både der og her, fann eg ut at eg kunne ta sjansen. Det angrar eg ikkje på.

Kort fortalt: Richards veks opp i utkanten av London. Han vert gitarist i Rolling Stones, som vert store stjerner utover i 60- og 70-åra. Dei tek ein pause midt i 80-åra, då vokalist Mick Jagger heller vil prøva seg på eigne bein, men dei kom saman igjen rundt 1990, og held framleis koken, fyrst og fremst som konsertband.

Dei levde opp til rockemyta. Det var damer, det var drikking, og det var dop. Den verste av dei var Richards, som hadde eit stort forbruk av både det eine og andre. Slik han framstiller det i denne boka, er det bortimot utruleg at han er i live.

Det er måten han framstiller på som gjer denne boka god. Han har hatt god hjelp av journalisten James Fox, og språket i boka er svært friskt og munnleg. Richards framstår som brutalt ærleg. Mick Jagger får til dømes gjennomgå, Richards omtalar den fyrste soloplata hans slik: "I've never listened to the entire thing all the way through. Who has? It's like Mein Kampf. Everybody had a copy, but nobody listened to it." Han er like utleverande når han skriv om seg sjølv. I 1976, altså den tida då Richards var mest rusa, døydde den to månader gamle sonen hans Tara i krybbedød. Richards skriv at han ikkje anar kvar sonen er gravlagd.

Med så mykje narkotika i omløp er der sjølvsagt nokre episodar med politiet. Richards skriv om minst like mange episodar der politiet ikkje fann noko, og der han eller andre greidde å koma seg unna. Det er nesten ironisk at eit fall frå ei grein to meter over bakken for nokre få år sidan heldt på å ta livet av han.

Ei bra bok, altså. Eg vart likevel ikkje spesielt sugen på å høyra Rolling Stones.

Guffen tilrår.

Meir Rolling Stone på kulturguffebloggen
Crossfire Hurricane (2012)
Keith Richards. Under the Influence (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar