30. desember 2010

Oddleiv Apneseth: Jølster 2008 (2010)

Dette er eit blinkskot av ei bok. Oddleiv Apneseth arbeidde i heile 2008 med eit unikt fotoprosjekt. Han reiste rundt i Jølster, heimkommunen sin, og fotograferte mange av innbyggjarane i kommunen, i omgjevnader dei høyrer heime i.

Fotografia i boka kjem nokolunde kronologisk. Det fyrste biletet er frå ein nyttårsfest nokre minutt inn i 2008, det siste er frå eitt av dei siste minutta i det same året. Kronologien er berre viktig i nokre få tilfelle, der me møter att personar me alt har sett bilete av.

Det ligg mykje planlegging bak dei ulike bileta. Det er ikkje slik at han reiste rundt med kamera og tok bilete av det han såg. Når det slår han at det er mange gravemaskiner i kommunen, prøver han å få samla desse til fotografering ein dag. Det greier han ikkje, men han får med mange. Han gjer det òg til noko høgtideleg å verta fotografert. Svært mange av dei han portretterer er alvorlege, slik det òg er på gamle bilete. No er (sjølvsagt) teknologien komen så langt at det ikkje er noko problem å smila, men likevel bed han dei om å vera djupt seriøse. Slik er det på eit klart fleirtal av bileta, også opningsbiletet frå nyttårsfesten. Ingen av ansiktsuttrykka på det biletet tyder på at dei har eit godt nytt år i vente.

Apneseth arbeidde tidlegare i Bergens Tidende. Viss ikkje eg hugsar heilt feil, laga han fleire glimrande reportasjar saman med Frode Grytten, og han tok òg bileta til Bikubesong. Grytten snakkar ofte om at det ikkje er noko problem å leggja mange historier til Odda, det skjer like mykje i små samfunn som i store. Slik er det òg her - til mange av bileta i boka har Silja Juklestad skrive tekstar. Jamt over er desse gode og informative, og dei gjer bileta endå betre.

Dei finaste bileta er av gamle folk. Eg har stor sans for biletet av (og teksten om) Einar Myklebust, som står med hoppskia han for mange år sidan hoppa 49 meter med, og for biletet av Bertil Årdal, som står med ryggen til, i bar overkropp, og står på toppen av Olahansfjellet og ser ned mot dalen.

Det er altså ei flott bok. Det einaste eg saknar er eit kart over kommunen, som viser kvar dei ulike små lokalsamfunna held til. Eg har ei kjensle av at dette er ei bok eg kjem til å bla i mange gonger.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar