28. januar 2011

Mad Men, sesong 3 (2009)

Tredje sesong, og nivået er framleis høgt. Etter at eg hadde sett sesong ein og sesong to var eg nøgd med det meste, både manus, skodespel og tidsbiletet var framifrå. Slik er det no òg. Der er sjølvsagt endringar, men dei fleste av desse ligg i handlinga, og der er det overraskingar nok.

Det handlar framleis om reklamebyrået Cooper Sterling, og dei tilsette der. Det er mest snakking, det går mykje i møter, og det er der dramatikken ligg. Her er få dramatiske scener, sjølv om her dukkar opp (i alle fall) to: I den eine slår Joan Harris mannen sin knallhardt i hovudet med ein vase. Den andre er meir original og dramatisk - firmaet har fenge John Deere som kundar, og dei har like godt lånt ein stor plenklippar. Under ein fest prøver ei av dei tilsette denne å køyra plenklipparen rundt på kontoret. Ho er ikkje heilt utlært, og køyrer like godt rett over foten til ein representant frå det britiske moderfirmaet. Resultatet vert blod og amputasjon og ei øydelagd karriere. Harris summerer det greitt opp - "that's life, one minute you're on top of the world, the next minute some secretary is running you over with a lawnmover".

Joan Harris har ei nøkkelrolle i serien. Ho er ein slags sjefssekretær, og er den som har klart best innsikt i korleis ting vert gjort, korleis ein bør oppføra seg, kvar ting er, osb. Ho ligg heile tida eit hakk famom dei andre, skal nokon tinga eit møterom har ho alt gjort det. Ho sluttar i firmaet midt i serien, av di mannen hennar trudde han skulle få jobb som sjefskirurg, men då han ikkje fekk det, vart ho gåande arbeidslaus, og hadde ikkje lyst til å koma attende til Cooper Sterling. I siste episode treng sjefane nokon som på kort varsel kan visa dei kvar alt materialet deira ligg rundt på kontoret, og kven andre enn Harris kan dei ringja til?

Den eigentlege hovudpersonen er likevel Don Draper. Ekstremt flink med ord og ekstremt rask i tankegangen, Draper er ei levande legende i reklamemiljøet i New York. Han har likevel ei lite kjend fortid, og denne vert avduka gradvis og gradvis, det vert nesten som ei tillersk innsirkling. Mot slutten finn kona hans ut litt om dette, slik at problema hans på heimebane vert endå større.

Episoden der det skjer er glimrande, og er truleg den beste episoden så langt. Det er rett før jol, og alt raknar for Draper. Jobben hans er usikker, kona hans avslører fortida hans, Kennedy er nett drepen, og det er like godt Lee Harvey Oswald òg, slik at han (og alle andre) ser at Amerika ikkje har kome like langt som dei trur. Kona har avbrote haustferien for å konfrontera Draper med det ho har funne, og medan dei har ein lang, lang prat på kjøkenet, sit elskerinna til Draper og ventar på han i bilen utanfor. Me som ser på anar ikkje kor lenge ho finn seg i å venta, så medan Draper og kona snakkar med kvarandre, ventar me heile tida på at elskerinna bankar på, for å gjera situasjonen endå verre for Draper. It's a wonderful life, indeed.

Handlinga er lagt til 60-åra, og det er ei anna tid. På kontoret drikk alle heile tida, og så godt som alle røykjer òg tett. Og ein kuttar ikkje ut slike bagatellar berre av di ein er gravid. Det er òg eit samfunn der kvite menn regjerer, gifte kvinner er stort sett heime, og firma vil ikkje ha annonsekampanjar som rettar seg mot svarte forbrukarar. Livet i reklamebransjen vert framstilt som krevjande, men òg som ein dans på roser. Det er korte, effektive møte, det er langt pausar, og det er mykje fest og moro.

Guffen tilrår.

Meir Mad Men på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2007)
Sesong 2 (2008)
Sesong 4 (2010)
Sesong 5 (2012)
Sesong 6 (2013)
Sesong 7 (2014-15)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar