21. januar 2011

A Night At The Opera (1935)

Attende i Marx-verda. Sist eg var innom såg eg Duck Soup, og etter den filmen stod dei utan kontrakt med noko filmselskap. Chico greidde å få kontrakt med MGM, der Irving Thalberg var det store trekkplasteret. Thalberg var ein filmprodusent med eit formidabelt rykte, det meste av det han tok i vart til gull.

Han meinte at det mangla noko i filmane til Marx-brørne. Det var for mykje å le av, det var berre ei endelaus rekkje vitsar. For Thalberg var ikkje dette godt nok, han ville skapa komediar som òg var gode filmar, og som hadde ein god historie. Målt i pengar var dette lurt, A Night At The Opera vart ein suksess, og vert rett som det er omtalt som den beste Marx-filmen.

Det er litt rart. Her er altfor mykje som ikkje er til å le av. Fleire av vitsane er framifrå, men det vert fleire gonger for lange pausar mellom vitsane. Thalberg pressa inn ei kjærleikshistorie, og dette lokka fleire kvinnelege sjåarar til kinosalane, men det dreg nivået på filmen ned. Zeppo, det fjerde hjulet på vogna, gav seg etter Duck Soup, hadde han vore med lenger ville han truleg fått den romantiske hovudrolla, ei rolle som er langt større enn dei han hadde i dei filmane han var med i.

Ein annan ting som dreg nivået ned er at piano- og harpesoloane er attende, og at det òg vert framført nokre aldeles ufyselege svisker. Vidare vert det lagt for stor vekt på at publikum skal få sympati med Marx-brørne. Dei er ikkje best når dei er sympatiske, dei er best når dei har fri kødd på alle område.

Men når alt dette er sagt: Her er òg veldig mykje å le av. Før filmen vart spelt inn, reiste Marx-brørne på turné til nokre få byar, der dei framførte utvalde scener frå filmen. Her vart vitsane prøvde ut, dei bytte ut ord og tonefall for å finna det som gav best respons. Nokre av dei mest klassiske og siterte Marx-scenene vart til på denne måten, mellom anna den fabelaktige kontraktscena tidleg i filmen, der Groucho, som tilsett i operaen i New York, skriv kontrakt med Chico, som er manager for ein lovande operasongar. Her er òg fleire glimrande replikkar. Harpo, Chico, og han tenoren som kunne vore Zeppo har kome til New York som blindpassasjerar, og bur hjå Groucho, Politiet har fått nyss i dette, og bankar på døra medan dei fire et frukost. Dei tre gøymer seg, og då politimannen kjem inn, ser han på bordet, og seier til Groucho: "I notice the table is set for four". Groucho svarar "That's nothing. My alarm clock is set for eight".

Mykje bra, altså, men filmen er ikkje like god som det ofte vert hevda. Dei fire siste Paramount-filmane, altså dei som kom før denne, er alle betre. Nedturen tek altså til her, og sjølv om der står fire-fem filmar til i hylla, er det langt frå sikkert at dei får høgste prioritet.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar