24. februar 2011

The Big Chill (1983)

Runar inviterte igjen på filmklubb på rommet sitt, og etter litt om og litt men vart det til at me såg denne. Eg kjende ikkje filmen frå før, og sleit litt med opninga. Ein mann, Alex, har teke livet sitt, og studiekameratane hans frå gamle dagar kjem saman i gravferda hans. Det er omtrent ti år på dagen sidan Brynjulv døydde, og under scenene frå sjølve gravferda til Alex kjende eg at det ikkje akkurat var gravferdsfilmar eg var lysten på å sjå no. Heldigvis tok det seg opp.

Etter gravferda samlar dei seg heime hjå to av studiekameratane, og dei vert verande der ei langhelg. Det er akkurat passeleg lenge, det er berre av og til at gamle ulikskapar blussar opp og øydelegg stemninga. Stort sett har dei det bra, det er mykje mat og drikke, og mykje røyk og drikke. Her er mykje å smila av, og litt å le av. Her er ei rekkje kjende skodespelarar med - kor kjende dei var i 1983 anar eg ikkje, men dei spelar jamt bra, alle saman. Jeff Goldblum er best, og det har han jo for vane å gjera.

For dei sju-åtte er det mykje nostalgi i denne samlinga, og dette vert understreka av musikken. Det vert nesten for mange meir eller mindre klassiske singlar frå slutten av 60-åra. Dette er stort sett lystige og glade songar som kom i ei tid der alt slettes ikkje var lystig, og sånn sett passar det bra med filmen. Dei som er samla snakkar minst mogleg om sjølvmordet til Alex, kvar gong temaet kjem opp vert stemninga så dårleg at dei skiftar tema heller fort.

Guffen tilrår.

1 kommentar:

  1. Eg hugsa ikkje at filmen heitte det, men syns eg kjente igjen personane på biletet og då eg las forstod eg at det måtte vere den. Såg den for mange år sidan. Likte filmen og det er jo fasinerande med dei store stjernene som yngre...

    SvarSlett