18. februar 2011

Eivind Eidslott/Jørn H. Moen: Besseggen (2008)

For meg er dette eit typisk mammutkjøp. Eg har bladd litt i boka i bokhandlar, men aldri vurdert å kjøpa ho til fullpris. Men der dukka ho opp i mammutkatalogen, til nedsett pris, og vips.

Eg er glad i Jotunheimen. Eg er der rett som det er, og skulle gjerne vore der langt oftare. Eg gjekk over Besseggen for lenge sidan, rundt 1980, og har vore i området fleire andre gonger. Det er ein fin tur, som eg gjerne kan gå fleire gonger. Eg kan gjerne gjera som Eidslott, og ta med meg eigne småungar dit.

Det er ikkje altfor mykje tekst i boka. Dei ulike rutevala vert skildra, også den meir krevjande Jo-stigen, der er litt historie, det står om Jo Gjende og Gjendine Slålien, og det står om dei som har arbeidet sitt rundt Besseggen. Meir er det kanskje ikkje å skriva om denne ruta, det måtte i tilfelle vore kommentarar frå fleire av dei som går der.

Eidslott skal ha honnør for at han tek ruta på alvor. Det er ei populær rute, og mange sjølvutnemnde jotunologar tek difor avstand frå ho, og meiner at det er for kommers. Dei dreg heller til stader der dei kan vera for seg sjølv. Det er heilt greitt, men det er jo ein grunn til at Besseggen vert gått av mange. Det er ein fin tur, og det var den fyrste DNT-merka ruta i Jotunheimen. Vil ein gå åleine, kan ein heller leggja turen til tidleg morgon eller sein kveld. Midt på dagen går ein nesten i kø. For nokre år sidan gjekk eg over Knutshø, som ligg på andre sida av Gjende. På toppen av Knutshø drog eg fram kikkerten, og sveipa nedover Besseggen medan eg talde kor mange silhuettar eg kunne sjå. Det vart rundt 90.

Det er altså fint at han er udelt positiv til denne ruta. Det er litt verre at han er like positiv til motorbåten som putrar på Gjende, og som fraktar turistar inn til Memurubu, ein av dei to vanlegaste utgangspunkta for turen. Det er greitt at båten gjer det enklare for mange å ta turen, men likevel. Han er eit forstyrrande element i fjellet.

Innimellom teksten kjem der ei rekkje flotte foto. Det er nærbilete frå ruta, men òg bilete frå avstand, gjerne frå lufta. Bileta er, ikkje uventa, med på å formidla turen og ruta.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar