28. februar 2011

Jonathan Franzen: The Corrections (2001)

Eg kom bakvegen inn i bøkene til Jonathan Franzen. Eg hadde høyrd namnet hans, men det var ikkje før i fjor haust eg endeleg fekk somla meg til å lesa ei av bøkene hans. Eg likte Freedom, og då var ikkje vegen lang til denne.

Dei to bøkene minner om kvarandre. Dei er bygde opp på same måten, der kvart av dei omfangsrike kapitla handlar om ein av hovudpersonane. Også i denne boka er det ein familie som slit med å halda seg samla, men det er snakk om ulike familiar. I Freedom er det ein relativt ung familie, i The Corrections er foreldra i familien, Alfred og Enid, pensjonistar.

Enid er det mest gjennomsnittlege du kan tenkja deg. Ho gjer alt ho kan for å ikkje skilja seg ut, og vil berre at alle skal kosa seg og ha det godt. Ho er falsk, ho kvir seg ikkje for å lyga til familiemedlemmane eller for å gøyma ting for dei, men vil likevel at alle skal vera ærlege mot henne. Ho lengtar etter dei faste haldepunkta, og det ho mest av alt vil er at alle skal vera samla til ei siste jolefeiring heime hjå henne, før Alfred vert for senil. Ho har planlagt denne jola i detalj, veit kva alle skal gjera kvar dag, lagar maten klar lenge før gjestane kjem, osb. Ho ventar seg gjennom livet, ho ventar på at jola skal koma. Det er ikkje noko bombe at alt ikkje vert slik ho ynskjer.

Enid er glimrande skildra. Det vert likevel i meste laget når Franzen skriv om eit cruise ho og Alfred er på. Her vert han repeterande, og av og til vert dette kapitlet kjedeleg. Det som fengar i boka, det me vil vita meir om, er dei ulike familiekonstellasjonane. Det er meir interessant enn å få stadig nye døme på kor enkel og usikker Enid er. Kapitlet endar likevel med eit fabelaktig avsnitt, der ho ser at Alfred dett i havet.

Dei tre ungane deira, Chip, Denise og Gary er heller ikkje heilt på bølgjelengde. Gary kan verka mest vellukka, han har ein godt betalt jobb, er gift og har tre ungar. Denise og Gary er litt lausare i fisken, ingen har fast jobb, og Gary har i tillegg lett for å øydeleggja for seg sjølv. Dette gneg sjølvsagt på Enid - kvifor kan ikkje alle berre vera snille og glade?

Eg har sikkert nemnt det mange gonger før, men det er typisk amerikansk å sjå familien som noko heilag. Her raknar det på alle plan, svigerdottera vil absolutt ikkje feira jol hjå Enid, og det vil heller ikkje to av barnebarna hennar. Internt i den familien er der òg store problem, og slik er det òg med Denise, som har vore gjennom ei skilsmisse, før ho etter tur hadde eit forhold til sjefen og kona hans (i omvendt rekkjefølgje). Familiar går til pisis over heile fjøla. Dette får Franzen godt fram, og ein kan godt lesa det som ein kommentar til kva som går gale med det amerikanske samfunnet. Det er godt skrive, og med unntak av dei litt seige avsnitta på cruisebåten er det ei god bok. Akkurat no, så kort etter lesinga, set eg denne høgare enn Freedom.

Guffen tilrår.

Meir Franzen på kulturguffebloggen
Freedom (2010)
Purity (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar