14. mai 2011

William Faulkner: The Sound and the Fury (1929)

Gode bøker kan lesast fleire gonger. Dette er ei god bok, og ho kan godt lesast fleire gonger. For å få fullt utbyte av kor godt oppbygd ho er, bør ein truleg lesa ho to gonger rett etter kvarandre.

Det har ikkje eg gjort. Det er omtrent tjue år sidan eg las boka fyrste gong, og eg henta ho altså fram att no. Boka er litt tung å koma inn i, men når ein fyrst kjem i gang, har ein gilde lesestunder i vente. Boka har fire delar, og dei tre fyrste vert fortalde av ulike eg-personar, dei tre brørne i Compson-familien. Dei er ulike, for å seia det mildt.

Den fyrste delen vert fortalt av Ben. Han er mentalt tilbakeståande, og det pregar forteljinga hans. Han hoppar i tid og stad, han fortel ikkje alt om det han ser, me anar berre konturane av det han snakkar om.

Neste bror ut er Quentin. Denne delen skil seg frå dei andre på to måtar, handlinga er lagt til området ved Harvard i 1910. Dei andre delane går føre seg i Sørstatane, der familien har eit stort gods. Quentin fortel mykje om familien sin, som nok er ein av grunnane til at dette er siste dagen i livet hans. Han tek livet sitt, etter at kapitlet er over, og noko av det som slår ein når ein les denne andre delen er korleis han er totalt fiksert på tid og klokker. Han veit at han ikkje har så mange timane igjen.

Den tredje broren, Jason, bur heime. Han har ansvar for familien, og det taklar han ikkje så godt. Han er bitter, han er falsk, han stiller langt større krav til andre enn han gjer til seg sjølv. Han slit med tenarane, han slit med mora, han slit med jobben, han slit med samfunnet, han slit med at aksjeverdiane hans er på veg med, han slit eigentleg med alt. Mest av alt slit han truleg med Quentin, som han er onkel til.

Den fjerde ungen i Compson-familien, Caddy, er den dei tre brørne snakkar mest om, og tenkjer mest på. Ho gifta seg medan ho var gravid, men sidan ektemannen hennar ikkje var far til ungen, vart ekteskapet oppløyst, og Caddy får heller ikkje koma tilbake til godset der ho vaks opp. Dotter hennar, som altså er oppkalla etter onkelen sin, veks derimot opp der, og ho lever eit like utsvevande liv som mora gjorde. Det uroar Jason, som har ansvar for ho. Ben saknar Caddy, nemner nokon namnet hennar set han i gang med å hyla, men samstundes likar han at folk brukar det namnet - det kjekkaste han veit er å stå utanfor golfbana og høyra spelarane ropa på caddien sin.

Det har gått heilt gale med familien, utan at det kjem heilt klart fram kvar det skjedde. Dei bur i eit stort gods, og må ha vore velståande ein gong, men det er dei ikkje no. Dette fallet kan sjølvsagt òg vera ein grunn til at alle har det tungt. Eller det kan vera omvendt, at fallet kom av di alle har det tungt. Det er i alle fall lett å vera samd med Quentin, som seier at "there's a curse on us".

Heile historia er glimrande fortalt, der meir og meir vert avdekt etter kvart. Det er ikkje lett å følgja med på alt. Når forteljaren i dei to fyrste delane hoppar i tid, vert avsnittet som regel kursivert, men ikkje alltid, slik at det er lett å detta av. I del to er Quentin opprørt og forstyrra, og nokre av sidene her, der det ikkje er teiknsetjing i det heile, er òg lette å gå seg vill i. Så det er ein roman som krev litt av lesaren, men eg fekk i alle fall mykje igjen for innsatsen. Så får me sjå kor lenge det vert til eg les ho igjen.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar