4. juni 2011

Michael Azerrad: Our Band Could Be Your Life (2001)

Det tok litt tid før eg vart kjend med amerikansk undergrunnsmusikk. Eg hadde god oversikt over det som skjedde her til lands, eg visste litt om det som skjedde i England, men då eg var eitt år i USA mot slutten av 80-åra vart det tydeleg at eg mangla mange av referansepunkta til mange av dei eg snakka med der. Fleire lurte til dømes på kvifor eg var straight edge; eg visste ikkje eingong kva det var.

Denne boka er ei fin innføring i amerikansk musikk i 80-åra. Azerrad fortel om 13 band, men han gjer mykje meir enn det. Han får fram korleis det som veks fram litt tilfeldig og sporadisk nokre stader i landet, vert til eit landsomfattande nettverk. Han får fram korleis nokre eldsjeler og ideologar innfører idear og arbeidsmåtar som spreier seg til heile landet, og i nokre høve til eit endå vidare område. Han viser at det var eit slit, at fleire av desse pionerane omtrent risikerte helsa si for det dei trudde på. Og han får fram at det vart laga mykje glimrande musikk.

Dei tretten banda han skriv om er Beat Happening, Big Black, Black Flag, Butthole Surfers, Dinosaur Jr, Fugazi, Hüsker Dü, Minor Threat, The Minutemen, Mission of Burma, Mudhoney, The Replacements og Sonic Youth. Alle desse er ikkje like interessante for meg, men eg har plater med tre-fire av dei. Det einaste av banda eg har vore på konsert med er Fugazi, som eg har sett fire-fem gonger.

Det er altså pionerar det er snakk om. Den vanlege vegen inn i denne musikken var at unge gutar las om punk i eit blad, eller høyrde ei plate med Ramones, og fann ut at dette var noko for dei. Dei kjøpte instrument, og prøvde seg fram. Vegen vart til medan dei gjekk, og dei plukka opp basiskunnskap om instrumenta etter kvart. Mike Watt i The Minutemen sa det slik - "we thought tightness of the strings was a personal thing - like, 'I like my strings loose'. We didn't know it had to do with pitch". Band som Black Flag skilde seg ut, både musikalsk og visuelt, og i eit land som USA er det å be om bråk. Det var jamleg slosskampar, både før, under og etter konsertane.

Dei to artiklane om Minor Threat og Fugazi illustrerer godt korleis dette endra seg. Ian MacKaye, ein av dei heilt sentrale personane i amerikansk punk, var med i begge banda. I Minor Threat var han ofte i slosskamp; for Fugazi var det eit poeng å ta avstand frå dette. Miljøet i Washington DC, heimbyen deira, vart meir og meir prega av valdelege skinheads, og tidleg i 1985 samla folk seg til eit stort møte, der dei vart samde om å byggja opp eit  nytt miljø, der folk skulle ha meir respekt for kvarandre. Fugazi stod tidvis fram som eit ideologipoliti, dei fatta ikkje poenget med hemningslaus slamdancing, eller med stagediving, så viss nokon fann på noko slikt under konsertane deira, fekk dei på høfleg vis beskjed om å ta seg ein bolle. MacKaye hadde så høg status i miljøet at folk høyrde på han. Han er ikkje den einaste med slik status, det verkar som om alle òg såg opp til Sonic Youth, og høyrde på det dei sa.

Fellesnemnaren for banda er at dei gjer ting sjølv. Azerrad har ikkje teke med band som heile tida var knytte til større plateselskap, han skriv at han gjerne skulle skrive om R.E.M., men dei greidde ikkje dette kriteriet. Banda gjer ting sjølv, og for dei aller fleste inkluderer det lange turnear frå ein liten varebil, der det er lite pengar, lite mat, lite dusjing, lite privatliv, overnatting privat, og der bilen oftast bryt saman ein to-tre gonger.

Det er altså ei finfin bok. Azerrad har eit godt og variert språk, og det er spesielt imponerande at han heile tida finn nye og presise måtar å skildra musikk på.

Guffen tilrår.

Meir Azerrad på kulturguffebloggen
Azerrad/Mould: See a little Light (2011)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar