25. juli 2011

Bob Mould / Michael Azerrad: See A Little Light (2011)

Ein gong tidleg i åttiåra tinga Håvard den amerikanske fanzina Maximumrocknroll, og vart overraska over at det var eit amerikansk punkband som heitte Hüsker Dü. Eg trur det tok nokre år før eg høyrde noko av musikken deira. Det var sånn passeleg fengande, det var ein god kombinasjon av energi og melodi, men eg trur likevel ikkje det gjekk så langt at eg kjøpte nokre av platene deira. For litt sidan las eg Our Band Could Be Your Life, der Hüsker Dü var ei av gruppene Michael Azerrad skreiv om. Historien deira hadde nokre fascinerande innslag, og då denne boka, som er sjølvbiografien til Mould, fekk gode meldingar histen og pisten, slo eg like godt til. Boka er skrive saman med Azerrad.

Boka følgjer to liner i livet til Mould. Den eine handlar om musikaren Mould, den andre handlar om mannen Mould. Som musikar har han vore innom fleire sjangrar, han går ei stund lei av å vera i band, lei av høge gitarar. Han held nokre solokonsertar, eksperimenterer med andre instrumenteringar, før han går attende til bandformatet, med musikk som igjen er dominert av rungande og nesten like sinte gitarar. Han ser seg sjeldan tilbake, og sjølv om han synest det er stas at mange set Hüsker Dü høgt, vil han helst at dei skal høyra om den ferskaste av platene han har vore med på. Av banda han skriv om er det likevel Hüsker Dü han skriv mest om, og det er òg det bandet det er mest interessant å lesa om. Det er der dei slit mest, det er der dei jobbar hardast for å nå ut. Men aller best er det å lesa om tida rett etter at  Hüsker Dü vart oppløyst. Saman med kjærasten har han kjøpt ein liten farm nord for Minneapolis, og der sit han åleine dagen lang utan heilt å vita kva han skal driva med.

Innimellom kapitla om plater og konsertar og medmusikantar fortel han ei anna historie. Han voks opp i ein liten by nord i New York, i ein ikkje heilt stabil familie. Han vert tidleg klar over at han er homo, og veit godt at det ikkje er det enklaste å vera langt ute på landet. Han flyttar til Minneapolis for å studera. Der er det lettare å vera homo, men det tek likevel lang tid før han kjem ut av skåpet, og det tek lang tid før han verkeleg oppsøkjer og utforskar miljø og klubbar der han kan treffa andre homoar. Det er ikkje før han er langt oppe i førtiåra at han finn seg sjølv, og vert trygg på kven han er.

Slik er det òg, i alle fall til ei viss grad, med musikken hans. Slik han skildrar det, er han langt meir sjølvsikker som musikar no enn det han var i åttiåra. Dei to sidene ved livet heng altså saman, det vert ein høna og egget-situasjon, der han gradvis vert tryggare på seg sjølv, på alle område. Han framstår som ærleg, og det er ei overtydande bok om å verta kjend med seg sjølv.

Guffen tilrår.

Meir Azerrad på kulturguffebloggen
Our Band could be Your Life (2001)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar