27. august 2011

Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)

Pet Sounds er ei av desse platene som jamleg kjem høgt oppe på listene når verdas beste album skal kårast. Det er ikkje så rart, det er ei kanonplate. Nokre songar kunne godt vore fjerna, men andre songar dreg nivået opp igjen. I denne boka fortel Granata korleis plata vart til, og det gjer han godt.

Pet Sounds vart gitt ut i 1966. Då var Beach Boys eit av dei mest populære banda i USA, men dei var splitta i to delar. Alle dei andre i bandet var ute på turne, medan Brian Wilson heldt seg i studio. Dei andre kom attende frå turne, og vart sendt i studio for å leggja på vokalar, Wilson hadde alt spelt inn musikken saman med studiomusikarar. Carl Wilson la på litt gitar på ein song, og det var alt.

Brian Wilson hadde full kontroll over alt. Alle musikarane fekk klar beskjed om kva dei skulle spela, og han hadde klar alle stemmene som skulle syngjast inn. Dei andre i bandet hadde minimal input, det avgrensa seg til nokre mindre justeringar i andrestemma. Granata vert av og til for teknisk for meg, men han får likevel fram korleis Wilson tøydde grensene for kva som kunne gjerast i eit studio. Han brukte uvanlege instrument, han brukte instrument på uvanlege måtar, og laga ei plate som ikkje likna på noko Beach Boys hadde gjort før. Og som heller ikkje likna på noko nokon andre hadde gjort.

Det er noko av det mest fantastiske med Pet Sounds. Brian Wilson høyrde alt dette inne i hovudet sitt, og greidde å få det ut. Han får uvanleg mykje skryt, både frå forfattaren, dei andre i bandet, musikarane som spelte på plata, og andre musikarar, og det er fullt fortent. Det kunne like godt vore eit soloalbum.

Plata var berre ein sånn middels suksess i USA då ho kom ut, men det tok ikkje Wilson så nøye. Han var alt i gang med eit nytt og endå meir ambisiøst prosjekt, plata Smile. Beautiful Dreamer, dokumentarfilmen om den plata er absolutt verdt å sjå; plata kjem omsider ut som Beach Boys-plate seinare i år.

Det meste i boka er bra, men det er ein ting som manglar. Granata har snakka med ei lang rekkje av dei som var involverte i plata. Tekstforfattaren Tony Asher får til dømes snakka mykje, kanskje altfor mykje. Men Granata har ikkje snakka med Wilson sjølv. Her er ein del Wilson-sitat, men desse er henta frå andre intervju. Det er greitt at Wilson alt var litt redusert for ti år sidan, men han har då vore intervjua mange gonger etter det. Kanskje han ikkje ville, kva veit eg.

Det går fort å lesa denne boka, men ein har mykje att for det.

Guffen tilrår.

Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)
Steven Gaines: Heroes & Villains (1986)

Beautiful Dreamer. Brian Wilson and the Story of "Smile" (2004)
Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)
Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)
Brian Wilson. Long Promised Road (2021)
David Leaf: God Only Knows (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar