1. oktober 2011

Magne Myhra: Sønn av en kvinne (1978)

Her er eg truleg ikkje heilt nøytral. I sommar laga eg ein enkel nettstad for Myhra. Der dukkar heile tida opp ting som må endrast, og eg er jamleg innom hjå han for å retta opp det han meiner kan gjerast betre.

Dette er den andre av dei to romanane han har gjeve ut. Den fyrste kom nær tjue år tidlegare. Han har òg gjeve ut ei barnebok, men det er fyrst og fremst lyrikken han er kjend for. Sist eg var innom snakka han lenge om denne romanen, og eg fekk inntrykk av at han såg på dette som ei av dei aller viktigaste bøkene han har gjeve ut. Eg fann ut at eg burde ta meg saman og lesa ho, og då passa det jo bra at boka var ei av dei rundt hundre bøkene eg fekk i fjor haust.

Myhra har vore heilt open om at boka har sterke sjølvbiografiske drag. Hovudpersonen i boka, Åsmund, veks opp i sterk fattigdom. Faren har reist frå familien, og mora gjer det ho kan for å ta seg av dei tre ungane sine. Det er ikkje noko lett oppgåve, det er dei harde trettiåra, og der er ikkje arbeid å få. Åsmund har det ikkje godt, han har høyrt mora seia at ho eigentleg ikkje ville ha han, slik at han kjenner seg personleg ansvarleg for fattigdomen deira. Han får heile tida høyra spitord frå andre, og kvir seg for å snakka med andre folk.

Krigen kjem, og då betrar samhaldet i bygda seg. Likevel vert dette ei like vanskeleg tid for Åsmund, han slit med å sjå at menneske kan ta livet av andre menneske. Han forklarar dette med at dei er menn, kvinner ville aldri gjort noko slikt. Boka handlar om guten Åsmund, men er like mykje eit portrett av, og ein takk til, mora. Eller til kvinner generelt - den andre kvinna i boka Åsmund har mykje kontakt med er Dikter-Kari. Gjennom dikta hennar ser han konturane av ei framtid der dei andre i bygda vert mindre viktige - han kan finna eit godt tilfluktsrom i bokverda. Åsmund er ein gut som ser og ser etter heilt andre ting i kvardagen enn dei andre, ein av dei stadene han trivst best er i naturen, der han kan sitja lenge og sjå på mønstera steinar lagar på botnen av elvar.

Igjen - det kan henda at eg er farga av eg såg alvoret i augo til Myhra då han snakka om boka. Men for meg var dette ei god bok. Ikkje uventa er her mange gode formuleringar. Språket i boka er litt overraskande - boka er skriven på bokmål. Replikkane til Åsmund og familien hans er òg skrivne på bokmål, men alle andre replikkar er på vossamål. Eg ser to moglege grunnar til det - kanskje Myhra vil visa at Åsmund stod på utsida av lokalsamfunnet; kanskje Myhra har gjort det for å skapa litt avstand mellom seg og Åsmund.

Guffen tilrår.

Meir Myhra på kulturguffebloggen
Mistelteinen (1959)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar