30. august 2012

Frå arkivet: My Bloody Valentine: Loveless (1991)

Sommaren 1987: Eg er på Hultsfred-festivalen i Sverige, fyrst og fremst for å intervju det glimrande svenske punkbandet Puke. Men festival er festival, og der var fleire gode konsertar. I festivalavisa vart det irske bandet My Bloody Valentine hypa opp i skyene, så eg la vegen innom teltet dei spelte i. Der vart eg ikkje lenge - lydnivået var ekstremt høgt, og eg fekk absolutt ingenting ut av det. Det var berre lyd.

Eg tok omtrent same vegen inn i denne plata. Loveless kom i 1991, men det tok mange år før eg kjøpte ho, truleg på grunn av den dårlege opplevinga i Sverige. Lydnivået kunne eg justera sjølv fyrste gong eg høyrde plata, men dei fyrste gongene var det berre gitarar. Høge gitarar. Vokalen låg lengre ned i lydbiletet, det var gitarane som dominerte. Men etter kvart som eg høyrde meir på plata, skjedde det som gjerne skjer. Fram frå alle gitarane trilla det fram den eine fengande melodien etter den andre. Trilla? Nja, eg sa trilla, eg kunne like gjerne sagt trylla, i alle fall viss eg hadde skrive om resten av setninga litt. Etter kvart som melodiane kom fram, likte eg plata meir og meir.

Musikken er gjerne gyngande, i mangel på eit anna ord. Aller best er gynginga på den siste songen på plata, "Soon". Her gyngar alt - trommer, bass, og dei mange gitarane på toppen. Det gyngar, det svingar, det fengar, og "Soon" er ein av desse songane som er perfekte som avslutning på ei plate: Du har ikkje lyst til å høyra på noko anna - du har berre lyst til å høyra den same plata ein gong til. Og før me kjem til "Soon" igjen, har me gynga oss gjennom ei rekkje andre fengande songar.

Kva skjedde etterpå? Fint lite. Det vart vanskeleg for bandet å følgja opp eit slikt meisterverk, og etter seks år med sporadiske konsertar og lite vellukka turar til studio, tok bandet ein pause i 1997. Dei kom saman igjen ti år seinare, og turnerer av og til. Men sjølv om det jamleg går rykte om at no er dei snart klare med oppfølgjaren, har dei enno ikke gitt ut oppfølgjaren til Loveless.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar