2. oktober 2012

Don Carpenter: Hard Rain Falling (1964)

Eg handlar ein del bøker på Amazon. Til liks med andre stamkundar vert eg møtt av ei lang liste med tilrådde bøker kvar gong eg loggar meg inn. Som oftast ignorerer eg dei, men av og til går eg gjennom denne lista. Denne dukka opp, og den korte omtalen gjorde meg nyfiken nok til at eg prøvde. Det var verdt bryet - kanskje eg burde ta tilrådingane deira meir på alvor.

Det er ei bok om å ikkje passa heilt inn, dette òg. Hovudpersonen er Jack Levitt, som voks opp på ein barneheim. Han er småkriminell, han går frå bowlinghall til bowlinghall, frå flaske til flaske, frå dame til dame. Og han går i fengsel, etter å ha vorte lurt av ein advokat.

I fengselet reflekterer han over fengselslivet. Konklusjonane hans er at det er langt betre å vera i eit fengsel der nokon av dei innsette er sjefar, enn i eit fengsel der alle vert behandla likt. Eit slikt egalitært fengsel ville ha fjerna all livslyst, der var det ingen ting å strekkja seg etter. Då er det betre med eit fengsel der ein kjempar for å nå toppen. Denne lengten er viktig. Fengselet vert eit Amerika i miniatyr, eit perfekt spegelbilete på livet utanfor.

Han tenkjer altså store tankar, og stiller òg dei store spørsmåla. Kva vil han med livet? Kva vil andre med liva sine? Kvifor er det slik det er? Han ser at alle andre gjer rare val, spesielt når han sit åleine og drikk, men han manglar likevel all vilje til å gjera betre val sjølv. Det går nedover både med han og dei rundt han, sjølv om boka sluttar optimistisk, både for han sjølv, og for son hans, som i alle fall økonomisk får ein langt tryggare veg inn i livet.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar