7. november 2012

Mad Men, sesong 5 (2012)

Hm. Dette var ikkje like gjevt som eg trudde det skulle verta. Eg har storkost meg med dei fire fyrste sesongane, og såg fram til dette. Kanskje eg såg for mykje fram til det, men det engasjerte meg i alle fall ikkje like mykje som før.

Eg er ikkje heilt sikker på kvar det sviktar. Kanskje det vert for mange historier å fylgja, no verkar det som om dei fleste i reklamebyrået har hovudroller i minst ein episode, og dei mange karakterane som vert introduserte på denne måten forsvinn gjerne like fort som dei kom. Eg veit ikkje om det stemmer, men eg har ei kjensle av det tidlegare i hovudsak handla om reklamebyrået og om Don Draper; no handlar det meir om alle dei tilsette i reklamebyrået og om Don Draper.

For det er ikkje måte på kor mykje dei går gjennom dette året. Peggy Olson får seg sambuar, men han ser me omtrent ikkje noko til etter at dei har fortalt mor hennar om det. Pete Campbell har flytta ut av byen same med kone og unge, og mistrivst enormt med det. Lane Pryce slit med skatten, og med ei kone som helst vil flytta attende til London. Roger Sterling styrer sikkert mot endå ei skilsmisse. Joan Harris har òg eit høgst skrantande ekteskap. Og Don Draper er ikkje heilt seg sjølv. Han er nygift, og har eit høgst slitsamt forhold til eks-kona (som òg slit, både med den nye ektemannen og med vekta). Kona hans, Megan, er ikkje nøgd med å vera heimeverande, og alt dette endrar Draper. Han vert meir oppfarande, han er ikkje like energisk, og verst av alt er det at firmaet har tilsett ein ny tekstforfattar, Michael Ginsberg, som er fullt på høgde med Draper og vel så det.

Den fyrste halvdelen av sesongen var uventa slapp og uinspirert. Det var stas å sjå desse luringane igjen, men det tok liksom aldri heilt av. Det kom seg midtveges, og den tredje siste og den nest siste episoden var aldeles glimrande. Me såg dei to på ein kveld, og då verka det som om alt var greitt igjen. Diverre tapte det seg litt igjen i den aller siste episoden.

Guffen er lunken.

Meir Mad Men på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2007)
Sesong 2 (2008)
Sesong 3 (2009)
Sesong 4 (2010)
Sesong 6 (2013)
Sesong 7 (2014-15)

1 kommentar:

  1. Har du prøvd 'Treme'av den samme gjengen som laget 'The Wire' (som du selvsagt kjenner!?). Oppdaget tilfeldigvis at våre blogger har ganske nøyaktig like lang fartstid, da begge ble startet i oktober 2009!

    SvarSlett