10. november 2012

Ruth Lillegraven: Mellom oss (2011)

Denne boka, som er debutromanen til Lillegraven, fortel om ein familie med mange løyndomar i skåpet. Me møter ei rekkje personar. Hovudpersonen er nok Tonje, som lenge har arbeidd som prostituert. Ho har aldri møtt faren, Svein, som ikkje har gitt lyd frå seg etter ein ferie i Sør-Amerika for tretti år sidan. Mora veit at han ikkje ville ha kontakt med dei, men har ikkje fortalt det til Tonje. Foreldra til faren, som tok seg mykje av Tonje i oppveksten, var begge aktive i motstandsrørsla under krigen, men vil ikkje fortelja noko om det.

Gradvis vert løyndomane færre. Det skjer gjerne tilfeldig, som då Tonje finn eit brev faren sende til Mora frå Chile. Eller då ein journalist kjem til farfaren hennar for å intervjua han om krigsåra, eller kanskje meir for å få han til å stadfesta det han har funne ut i arkiv og andre stader.

Der ligg ein god historie i botnen av boka, men det er likevel lite å gle seg over her. Kapitla i boka er ganske korte, og det er heilt greitt, men i starten kjem det nye kapittel og nye personar i eit slikt tempo at det er vanskeleg å halda dei frå kvarandre, og vanskeleg å verta kjend med dei. Boka hoppar att og fram i tid og rom, og også her er det vanskeleg å halda tidene frå kvarandre. Mange av setningane i boka er altfor ordrike, og mykje av det Lillegraven skriv om vert òg forklart for detaljert. Det er finare med bøker som let oss gjera koplingane sjølv. Og det øydelegg òg litt at det kjem ein epilog som fortel kva som eigentleg skjedde med Svein i Chile.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

1 kommentar: