29. november 2012

Tony Fletcher: A Light That Never Goes Out (2012)

Historia om The Smiths er fascinerande. Dei to mest interessante i bandet, gitaristen Johnny Marr og vokalisten Morrissey, snakka fyrste gong med kvarandre då Marr ringde på hjå Morrissey, og spurde om dei skulle skriva popsongar i lag. Dette var i mai 1982. Eitt år seinare, etter at dei hadde rekruttert trommeslagaren Mike Joyce og bassisten Andy Rourke, gav dei ut debutsingelen "Hand In Glove", og deretter gjekk det slag i slag. Singlane kom i eit uvanleg høgt tempo, det same gjorde LP-ane, turneane og intervjua, og etter fem år utan pause sa Marr takk for seg sommaren 1987.

Då hadde gruppa sett store spor etter seg, både musikalsk og kulturelt. Marr var den store instrumentalisten i bandet, ein ekstremt dyktig gitarist, og alt medan The Smiths var aktive spratt det fram band med gitaristar som var i overkant inspirerte av Marr. Morrissey skreiv dei fyrste åra tekstar om å vera ung, usikker og upopulær, men vart gradvis ein sterkare samfunnskritikar, der han song om kongehuset, kosthald og konservative politikar. Eg var sjølv ein av dei mange som vart hekta; eg reiste til England for å sjå dei live (i 1986), og er framleis vegetarianar - teksten "Meat Is Murder" var ein av grunnane til at eg la om.

Noko av det som fenga mest med Marr og Morrissey var motsetnadene. Morrissey var innadvendt, dagmenneske, tilnærma fråhaldsmann, og treivst best i eige selskap. Marr var det stikk motsette. Det var han som dreiv bandet fram, som greidde å trylla fram fengande melodiar innimellom alt det andre. Det var han som var den musikalsk visjonære, og det var òg han som fekk det meste av ansvaret. Bandet var lenge utan manager, og då var det gjerne Marr som måtte ta avgjerdene. Morrissey hadde klare meiningar om kva han ville vera med på, og kven han ville samarbeida med, men trass i dei mange kompromisslause tekstane var han ein pudding når det galdt å vanskelege samtalar. Det var alltid andre som måtte stå for sparkinga når nokon måtte ut; den einaste gongen han gjorde det sjølv var då Rourke vart mellombels sparka ut av bandet, etter å ha brukt litt for mykje heroin: Då la Morrissey ein lapp under vindusviskaren på bilen til Rourke, med teksten "Andy - you have left The Smiths. Goodbye and Good Luck. Morrissey".

Morrissey hadde òg for vane å drita i å møta opp til avtalar, dersom han undervegs hadde funne ut at dette var noko han ikkje ville. Våren 1987 skulle dei spela inn ein video, og då Morrissey ikkje møtte opp der, men i staden lot band, kameramenn, teknikarar og andre venta til inga nytte, fekk Marr nok.

Tony Fletcher fortel denne historia godt, når han omsider kjem i gang. Han bruker alt, alt for lang tid på å koma til poenget. Han skriv om historia til byen Manchester, han skriv om den irske innvandringa til byen, han skriv om oppvekst og skulegang, og sjølv om alt dette høyrer med, gjer han for mykje ut av det. Andy Rourke kom inn i bandet lenge før den fyrste singelen kom ut - det skjer på side 225.

Guffen tilrår.

Meir The Smiths på kulturguffebloggen
Simon Goddard: Mozipedia (2009)
Frode Grytten: Dronninga er død (2010)
Morrissey: Autobiography (2013)
Julie Hamoll: 15 Minutes With You (2015)
Johnny Marr: Set the Boy Free (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar