31. desember 2013

Merethe Lindstrøm: Arkitekt (2013)

Dette er ei glimrande samling noveller. Spesielt uventa er det ikkje, Lindstrøm er ei av dei leiande forfattarane i landet, og noveller er ein sjanger ho beherskar svært bra, for å seia det mildt.

Handlinga i dei seks novellene er relativt daglegdags. Det store med novellene er alt det som ikkje vert sagt. På same måte som hovudpersonane manglar me heile tida litt informasjon, og uroa hovudpersonane kjenner smittar difor over på oss. Me veit ikkje om det er noko farleg med gjestane i nabohytta på campingplassen - det veit heller ikkje ho som har teke inn der etter ein motorstopp, men ho kjenner på seg at det er eit eller anna. Dei to som ryddar i huset til ein som nett er død (truleg av ei ulukke, det kjem ikkje fram) oppdagar brått at den to-tre år gamle dotter til ein av dei er vekke, og det er ikkje berre dei to som er urolege for at noko alvorleg kan ha skjedd.

Lindstrøm greier å skapa denne stemninga av di ho er ein stor novellist. Ho skriv så suverent, ho har eit så glitrande språk, og det er ei stor glede kvar gong eg les ei av bøkene hennar.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Regnbarnas rike (1992)
Svømme over vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Natthjem (2002)
Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Fra vinterarkivene (2015)

30. desember 2013

Magnolia (1999)

I denne filmen sviv fire-fem ulike handlingar rundt kvarandre. Dei heng alle saman, i større eller mindre grad, og vert delvis knytte litt tettare saman mot slutten av filmen. Eg prøver ein kortversjon: Ein gamal mann ligg for døden, og har ein hjelpepleiar med seg heile tida. Son hans, som ikkje har hatt kontakt med faren på svært lenge, lever av å læra menn korleis dei skal vera steinaldermenn, i eit altfor feminisert samfunn. Den nye kona til den gamle mannen er deprimert av di mannen syng på siste verset, og prøver å ta livet sitt. Ein annan gamal mann, programleiaren for spørjeprogrammet "What does kids know?", har nett fått vita at han har kreft, og at han berre har nokre månader att å leva. Dotter hennar, som ikkje har hatt kontakt med faren på svært lenge, er narkoman. Etter noko husbråk kjem ein politimann på døra hennar, og dei to vert etter kvart samde om å møtast same kveld. Me følgjer òg ein liten gut som gjer reint bord i spørjeprogrammet, og ein mann som gjorde reint bord i det same programmet tretti år tidlegare.

Det er ein sann kortversjon, men han seier minimalt om filmen. Referatet over verkar ikkje som ein film eg kunne tenkt meg å sjå, men dette er ein fantastisk film. Det er dramatisk og spanande, det er mange gode scener, og historiene vert fletta saman på ein finfin måte. Det er rask klipping, i den fyrste delen av filmen er det av og til vanskeleg å hengja med, men det går fort over. Det byggjer seg opp mot eit klimaks, som overraskande nok kjem ei stund før filmen er slutt - omtrent to tredelar inn i filmen. Skal den siste delen av filmen fungera må det koma eit nytt klimaks, som er minst på høgd med det fyrste, og det gjer det: Mot slutten kjem den beste froskar-dett-ned-frå-himmelen-scena eg nokon gong har sett.

Fleire av historiene heng saman tematisk. Han som vil ha fleire steinaldermenn vert portrettintervjua av ei som vil vita mykje om oppveksten hans. Han siterer ei av bøkene sine, og seier noko slikt som at fortida er ein uinteressant stad å vera. Han vert konfrontert med at han lyg, og avsluttar i praksis intervjuet. Også andre slit med det som har skjedd før, begge dei to eldre mennene angrar til dømes på måten dei har oppført seg mot ungane sine, og han som gjorde reint bord i spørjeprogrammet for tretti år sidan lever framleis på minna frå den gong. Tilhøvet mellom foreldre og ungar går altså att gjennom filmen; eit anna gjennomgåande tema er korleis me omgjev oss med løgner.

Det er altså ein flott film. Det er òg ein film eg vil sjå igjen, det meir enn anar meg at den raske klippinga gjer at eg gjekk glipp av mange referansar, både indre og ytre.

Guffen tilrår.

26. desember 2013

Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)

Eg er nok over middels interessert i den norske utvandringa til Amerika. Eg skreiv hovudoppgåve om det, eg har skrive fleire artiklar om ulike sider ved utvandringa, og dei tre siste gongene eg har vore i USA var eg invitert dit for å halda foredrag. Det er difor litt uventa at ei så omfattande bok som denne ikkje greier å engasjera meg stort.

Boka er ein del av ein trilogi. I den fyrste boka, Farvel Norge, handla det om reisa frå Noreg; denne handlar om livet i Amerika fram til 1900, medan det siste bandet skal handla om livet i Amerika fram til 1975. Det som fengar meg mest er det Mørkhagen skriv om pionerane, dei som i den tidlegaste tida søkte opp nytt land, og etablerte norskamerikanske koloniar. Her har Mørkhagen svært god kontroll på stoffet sitt, han ser kva personar han bør følgja, og han ser kva emne som fortener utdjuping.

Diverre greier han det ikkje like godt utover i boka. Nokre emne får altfor stor plass, det er til dømes uforståeleg at han bruker så lang tid på den amerikanske borgarkrigen. Han skriv for mykje om dei norske som var med, og bruker i tillegg mykje plass på å referera sjølve krigen. Det norske regimentet frå Wisconsin hadde lenge heltestatus i det norske Amerika, saman med obersten deira, Hans Christian Heg, men Mørkhagen ser ikkje ut til å kopla dette saman med opphavsmytene fleire har skrive om. At norskamerikanarar var med på å reisa ei statue av heg utanfor parlamentet i Madison, Wisconsin, handlar mykje om at dei ville visa at også dei hadde folk som hadde kjempa for det nye landet sitt.

I det heile er Mørkhagen betre når han fortel, enn når han forklarar og analyserer. Skrivestilen hans er heller ikkje altfor spenstig, det er ei bok rensa for humor, og han er i tillegg litt for glad i å bruka avsnitt med berre ei setning. Mange av kapitla sluttar til dømes på denne måten. Eit kapittel vert avslutta med at norskamerikanarar òg slo seg ned i dei sørlege delane av USA, og fleire føregangsmenn vert nemnde. Så kjem det eit einsetnings-avsnitt til slutt: "Én person til bør ikke glemmes - og igjen er navnet Cleng Peerson". med ein sånn slutt reknar i alle fall eg med at Peerson har ei sentral rolle i det neste kapitlet - han vert knapt nok nemnd i det heile. To kapittel sluttar med eit hint om at det neste skal handla om politikaren Knute Nelson, den eine gongen rett nok utan å nemna namnet hans, men det er ikkje før det tredje slike frampeiket at me endeleg får høyra om Nelson.

Korleis kunne Mørkhagen treft meg meir? Han kunne skrive meir om korleis dagleglivet var i dei norskamerikanske miljøa. Korleis var det med skulegangen? Korleis gjekk det med språket? Korleis endra kosthald og klesskikkar seg? Korleis takla immigrantane overgangen frå å vera norske til å verta norskamerikanske? For meg ville det vore langt meir spanande enn lange og mange kapittel om dei norskamerikanske trussamfunna.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Mørkhagen på kulturguffenbloggen
Farvel Norge (2008)
Det norske Amerika (2014)

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)

22. desember 2013

Mad Men, sesong 6 (2013)

Det er ikkje nett som i gamle dagar. Etter fire glimrande sesongar tapte det seg i den femte, og dei greier ikkje å reisa kjerringa i denne sjette sesongen. Når det er bra, og det er det rett som det er, er det bra, men oftare er det berre midt på treet. Det er langt mellom dei store scenene, endå lengre mellom dei store episodane.

Serien var betre då han handla om firmaet. No verkar det, i endå større grad enn i den førre sesongen, som om personane tek over. Det var meir stas då den einaste personen me følgde tett utanfor jobb var Don Draper. No vert det for mange persontrådar å følgja, og det heile minner av og til om ein godt laga såpeserie.

Her er likevel lyspunkt. Sist sesong (var det vel) gjekk Peggy over til eit anna firma. På ein utanbys tur, sånn omtrent midt i sesongen,  møter Draper den kreative sjefen for det andre firmaet, og saman vert dei samde om at dei to firmaa bør slå seg saman. Dei får alle med på det, og serien tek seg opp herfrå. Det vert fleire indre konfliktar, og det vert meir frå firmakontora, rett og slett. Eit anna lyspunkt er karakteren Bob Benson, som ingen heilt veit kva driv med, men som dukkar opp overalt, med det store smilet sitt.

Draper slit i serien, og verst vert det mot slutten. Dotter hans har teke han på fersken med elskerinna hans, han er ikkje nøgd med ekteskapet sitt, han kjenner seg trua av andre og yngre krefter på jobb, og han løyser alt dette på den gode, gamle måten: Han drikk meir og meir. Han prøver å skjula det, han kan godt drikka alkohol frå koppar på kontoret, men til slutt vert det for mykje, og han får beskjed om å ta ferie på ubestemt tid. Eit reklamefirma sparkar altså Don Draper - mad, indeed. Det ligg til rette for ein god sistesesong.

Guffen er lunken.

Meir Mad Men på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2007)
Sesong 2 (2008)
Sesong 3 (2009)
Sesong 4 (2010)
Sesong 5 (2012)
Sesong 7 (2014-15)

19. desember 2013

Ride the High Country (1962)

Ein enkel og stilrein western-film, som ser ut til å gli over i klisjeane midtvegs, men som reddar seg inn att. Manuset er ikkje det mest originale, men det er godt skodespel, historia er godt fortald, og det er fin rytme i det som skjer. Og som vanleg skjer det i flott natur.

Ein bank slit med at alle gulltransportane frå ein gruveby vert rana. Dei hyrer inn ein rutinert revolvermann, som får med seg ein jamaldra kjenning han tilfeldigvis møter, og ein ung spole kjenningen tilrår. Den yngste av dei tenkjer mest på damer, og det er, litt uventa, her det vert drama i forteljinga. På veg til gruvebyen tek dei med seg ei ung jente som er trulova med ein gullgravar. Han viser seg å vera lite å samla på, så ho verdt med dei tilbake til sivilisasjonen.

På veg dit vert lojaliteten deira sett på prøve. Det kjem eit mytteri, det kjem angrep utanfrå, det er passeleg med skotvekslingar, og det går nokolunde godt til slutt. Heilt grei tidtrøyte.

Guffen tilrår.

15. desember 2013

Paul Maher jr. (red.): Tom Waits on Tom Waits (2011)

Denne boka har eg brukt uvanleg lang tid på å lesa. Det er ei samling intervju og artiklar frå heile karriera til Tom Waits. Av og til henta eg boka fram, las eit kapittel eller to, og tenkte det same som eg tenkjer når eg høyrer musikken til Waits - dette burde eg gjera oftare.

For det er ei fantastisk samling tekstar. Det verkar som om Waits relativt tidleg fann ut at det var artigare med intervju dersom han dikta fritt. Sitatet som opnar heile boka seier eigentleg alt: På spørsmålet "On what occasions do you lie?" svarar Waits "Who needs an occasion?"

Han diktar/lyg ikkje berre for å ha det artig, han gjer det òg for å verna om privatlivet sitt. Vert spørsmåla for nærgåande, tek han gjerne fram ei notisbok der han har skrive ned ei mengd kuriøse fakta frå ei rekkje område, og svarar med å lesa opp nokre av desse. Det er fascinerande nok i seg sjølv, men best er det når han (truleg) berre diktar opp historier. Eit godt døme er då han ut av ingenting fortel om ein gong han og ein kamerat haika gjennom Arizona. Det var nyttårsafta, og det var iskaldt. Dei gjekk inn i ei kyrkje for å varma seg, og det enda med at kyrkjelyden tok opp kollekt for at dei to unggutane skulle reisa vidare. Dikt eller sanning? Kven veit. Aller best er det forresten når intervjuaren ikkje skjønar at ho/han vert kødda med.

Guffen tilrår.

Meir Waits på kulturguffebloggen
Barney Hoskins: Lowside of the Road. A Life of Tom Waits (2009)

13. desember 2013

Dial M for Murder (1954)

Det finst verre tidtrøyte enn å sjå Hitchcock-filmar.

Tony Wendice har funne ut at kona Margot har eit forhold til Mark Halliday. Han legg ein snedig plan for å få teke livet av henne, ein plan som involverer Swann, ein studiekamerat han ikkje har sett på tjue år. Planen er at Swann skal låsa seg inn og ta livet av Margot ein kveld Wendice er ute med Halliday. Det går ikkje heilt etter planen, i eit desperat sjølvforsvar greier Margot å ta livet av Swann, men då Wendice kjem heim greier han å manipulera det som finst av gjenstandar i rommet, slik at når politiet kjem, legg dei saman to og to og får minst fem. Margot vert dømd til døden, og livet hennar heng i ein svært tynn tråd.

Filmen er, ikkje uventa, svært godt oppbygd. Me som ser filmen veit heile tida meir enn personane på skjermen, både når det er Wendice som har løyndomar for dei andre, og når politimannen som etterforskar det heile legg ei felle for Wendice. Men sjølv om me veit kva som skjer, er det spaning i filmen, det er jo dette Hitchcock beherskar betre enn dei aller fleste.

Guffen tilrår.

Meir Hitchcock på kulturguffebloggen
Vindu mot bakgården (1954)
North By Northwest (1959)
Psycho (1960)
The Birds (1963)

Donald Ray Pollock: Knockemstiff (2008)

"You gotta stop readin' them books", seier ein av personane i denne novellesamlinga, og legg til: "Start watchin' some TV". Utsegna kunne vore sagt av svært mange av dei me møter i dei rundt tjue novellene. Dei set ikkje lesing svært høgt - det dei har til felles er liv utan for store framtidsvoner. Dei som ikkje er arbeidslause har dårleg betalte jobbar, dei fleste drikk for mykje, mange bruker dop, det er mykje kriminalitet, det er dårleg helse, det er brotne ekteskapsløfte, osb.

Dei aller, aller fleste bur i den vesle byen Knockemstiff i Ohio. Det er ein by dei fleste andre berre køyrer forbi, men dei me møter i novellene er knytte til heimstaden sin, av band som er usynlege og uforståelege for oss andre. Nokre drøymer om å koma seg vekk, langt vekk, men sjølv om dei har greidd å skrapa saman pengar nok til å reisa, greier dei det ikkje. Pengane går med til alkohol, til andre ting, og etter ei stund er dei tilbake der dei var.

Og det er mykje vald, sjølvsagt. For nokre månader sidan las eg romanen The Devil all the Time, ein roman med ekstremt mykje vald, så eg var budd på at det ville smella litt her òg. Det gjer det, men eg var ikkje budd på at her òg var noveller omtrent frie for vald. Tittelnovella er eit godt døme på det; her møter me ein rundt tretti år gamal mann som passar ein butikk for småpengar, og som stort sett berre drøymer om ei uoppnåeleg jente frå nabolaget. Aldri vert det tydelegare kor vonlaust livet i Knockemstiff her - ho kjem seg (litt) vekk, medan han held fram i kvardagen som aldri endar. Og det heile vert dokumentert av ein glamorøs fotograf frå California.

Guffen tilrår.

Meir Pollock på kulturguffebloggen
The Devil All the Time (2011)

11. desember 2013

Sopranos, sesong 3 (2001)

Ny glimrande Sopranos-sesong, kort tid etter at eg var ferdig med nummer to. Eg ser Sopranos åleine, og såg denne sesongen nokolunde parallelt med at eg og Marit ser Mad Men 6. Eit opplagt poeng vert synleg - det er langt lettare å hengja med når ein ser sesongane tett på kvarandre. Det er lenge sidan me såg sist sesong av Mad Men, og der er mange samanhengar eg ikkje tek med ein gong.

Eit anna poeng vert òg gradvis synleg. Denne Sopranos-sesongen er langt betre enn den ferskaste Mad Men-sesongen. Samanlikninga er ikkje heilt rettvis; etter tre sesongar var framleis Mad Men glitrande. Viss Sopranos held seg på dette nivået resten av sesongane, er det altså opplagt kva serie som held seg best.

Det handlar framleis om Tony Soprano og dei to familiane hans. Han misser meir og meir kontroll over kone og born - kona hintar meir og meir om at ho vil ut av ekteskapet, eller i alle fall prøva seg i arbeidslivet. Sonen er ei potensiell urokråke på skulen, og det er fascinerande å sjå korleis den storkriminelle faren vert forbanna når sonen driv med relativt uskuldige brotsverk på skulen. Størst problem har han med dottera Meadow, som går på universitet i New York, og vert meir og meir sjølvstendig. Ho vert forbanna på faren når han kritiserer den svarte kjærasten hennar, og det sjølv om han gjer det slutt med ho, vert ikkje forholdet til faren noko betre.

I mafiafamilien hans hanglar det òg. Mange av dei nærmaste murrar mykje, og den einaste av dei nære han ikkje kjem på kant med er Silvio Dante. Verst er forholdet til Ralph Cifaretto, som ikkje var med i dei to fyrste sesongane. Han er svært vanskeleg å lika, men han vert likevel forfremma av Soprano. Det minkar ikkje akkurat murringa.

Og som eit bakteppe til alt dette er timane Soprano har hjå den kvinnelege psykologen sin. Tilhøvet deira går opp og ned i takt med humøret til Soprano. Når ting går på skinner for han er han nett som ein katt når dei to snakkar saman; når resten av livet hans er eit helvete er han ikkje lett å snakka med.

Guffen tilrår.

Meir Sopranos på kulturguffebloggen
Sesong 1 (1999)
Sesong 2 (2000)
Sesong 4 (2002)
Sesong 5 (2004)
Sesong 6 (2006-07)

8. desember 2013

Jens K Styve: Friedland (2013)

I eit tidlegare liv laga Jens K Styve laga svært gode teikneseriar. Det er han visst ferdig med - dette er den andre romanen hans, og eg likte den fyrste, Eg, Ove Kvamme, godt då eg las han.

Her er historia lagt til ein stad i Nord-Noreg. Hovudpersonen, Odd Friedland, er rundt femti, og tener pengar på ulikt vis. Han sel heimebrent, han går med ynskjekvist, og han er ein slags healer. På baksida av boka vert han presist presentert - han er "litt som Snåsamannen, berre utan dei gode intensjonane". Han er like godt omgitt av folk som også puslar med litt av kvart. Kona arbeider i helsevesenet, men har ikkje problem med at Ove sel sprit, eller med å stela piller til den litt for late sonen Kris.

Kris er besteven med Frode, som lever av å selja dop, og slik kjem dei i kontakt med Tommy, som har flytta til bygda for å koma vekk frå dopmiljøet i byen, men som ikkje takkar nei til det som byr seg. Legg til ein mannevond hund, ein korrupt politimann og ei litt for ivrig politikvinne, nokre religiøse slektningar, ein bestefar som ligg for døden, og ei ung kvinne som er med på det meste, og du har persongalleriet i boka.

Det vert nesten litt for mykje av det gode, men berre nesten. Nokon stor roman er det ikkje, men boka er vel verdt å lesa. Styve skriv godt, her er fleire gode og morosame observasjonar. Like fint er det at han ikkje bruker store bokstavar når han skriv om vald - ved to høve i boka går ein hund til angrep på menneske, og begge gongene kjem det nesten som eit sjokk, av di språket er så nøkternt.

Guffen tilrår.

Meir Styve på kulturguffebloggen
Eg, Ove Kvamme (2008)

Pat Garrett and Billy the Kid (1973)

Dette er filmversjonen av ei bok eg las i haust, i alle fall på sett og vis, så sjølve historia hadde eg friskt i minne. Billy the Kid var ein revolvermann som skaut litt for mange folk; Pat Garrett var tidlegare med i gjengen hans, men vart seinare sheriff. Dei to hadde stor respekt for kvarandre, også etter at Garrett skifta side.

Filmen opnar med at Garrett fangar Billy the Kid, og han vert plassert i fengsel. Han rømer, men Garrett følgjer etter han, og tek til slutt livet av han.

Det er ein fin film. Me vert godt kjende med begge dei to hovudpersonane, og spesielt Garrett er spanande. Han vert dregen mellom plikt og lyst - det verkar som om han eigentleg ikkje vil fanga Billy. Kris Kristoffersen spelar Billy the Kid, og framstiller han slik det verkar som han var: Ekstremt sjarmerande og lett å lika, samstundes som han var ekstremt valdeleg og livsfarleg.

Guffen tilrår.

7. desember 2013

Paul Auster: Report from the Interior (2013)

I fjor gav Paul Auster ut boka Winter Journal, ei bok der han skreiv om kroppen sin. Eg var sånn mellomnøgd med den boka. I Report from the Interior skildrar han den intellektuelle oppveksten sin, og det er ei langt betre bok.

Boka har fire delar. Den fyrste delen er den som minner mest om Winter Journal - her skriv han om bøker og filmar og anna som prega han, fram til han vart fjorten år. Det er ein god tekst, sjølv om det ikkje alltid er lett å tru han når han skriv om kva han tenkte og forstod i oppveksten. Det vert litt som Tommy i Tommy og Tigern, han er ein liten gut som skjønar det meste, og som kan dra liner i alle retningar.

Den andre delen er kanskje den mest uventa - her gjev Auster svært detaljerte referat frå to filmar som gjorde stort inntrykk då han såg dei som ung - The Incredible Shrinking Man, og I am a Fugitive from a Chain Gang. Eg har ikkje sett nokon av dei, i alle fall ikkje så langt, men viss eg nokon gong kjem så langt, veit eg absolutt alt som skjer.

Den tredje delen er den beste. Auster opnar med å seia at han ikkje har eigne handskrivne tekstar frå oppveksten. Etter at han flytta heimefrå var han mykje på farten, og undervegs forsvann alt han hadde. Så får han ein overraskande telefon frå eks-kona si, som òg er forfattar. Eit bibliotek vil gjerne ha arkivet hennar, og ho vil ha klarsignal frå Auster før ho leverer frå seg dei rundt hundre breva han sende til henne. Han får kopiar, og i boka får me lange utdrag frå desse. Dei er frå andre halvdel av 60-åra, der Auster som ung mann slit med å finna ut kva han vil, og der han i tillegg er prega av frykta for å verta sendt til Vietnam, og der det er studentopprør både ved Columbia-universitetet (der han studerte), og i Paris (der han budde ei tid).

Den siste delen er ei samling fotografi - ikkje frå livet til Auster, men frå hendingane han skriv om.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
The New York Trilogy (1987)
Smoke (film, 1995)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee; Here and Now (2013)
4 3 2 1 (2017)

4. desember 2013

Aage Storm Borchgrevink: En norsk tragedie (2012)

22. juli sat me på ein restaurant i Bergen. Medan me venta på maten sjekka eg Twitter på telefonen, og såg at det hadde vore ein eksplosjon i Oslo. Det verka dramatisk, så eg gjekk over til NRK for å sjå direktesendinga deira. Nils Rune meinte at eg burde skru ned lyden - det var ikkje sikkert alle var så interesserte i akkurat det der.

Der tok han litt feil, for å seia det forsiktig. Det er eigentleg ikkje noko vits i å referera det som hende, og sjølv om Borchgrevink gjer det òg, er det ikkje det som er det fine med denne boka. Han vil heller prøva å forstå korleis Anders Behring Breivik vart som han vart, prøva å finna ut kvar det gjekk gale.

Han går gjennom heile livet til Breivik, og det er ikkje akkurat triveleg lesnad. Han finn seg ikkje til rette nokon stad - han bur hjå ei mor som ikkje er i stand til å ta seg av han, han bur på ein vestkant der alle framstår som langt meir vellukka enn han, han prøver utan hell å finna ein ungdomsgjeng som passar for han, han er for høgrevridd for Framstegspartiet, i næringslivet greier han seg dårleg, og til slutt går han inn i ei digital verd. Ei tid gjer han ikkje anna enn å spela dataspel; og han vert òg aktiv på ulike nettforum. Og så gjekk det som det gjekk.

Som ein del av forteljinga om Breivik skriv Borchgrevink òg om korleis både Noreg og Oslo endrar seg. Han skriv om nokre av dei som var Utøya, men dette vert berre eit bakteppe. Det er meir spanande når han kjem med hypotesar rundt personen Breivik, han hentar døme frå faglitteraturen, og eg sit att med ei klar kjensle av at det var mange som kunne hindra at Breivik vart som han vart. Og av det ikkje var spesielt mange som kunne hindra at han gjorde det han gjorde.

Guffen tilrår.

24. november 2013

Solan og Ludvig. Jul i Flåklypa (2013)

Ein skal vera bra tøff i trynet for å laga ein oppfølgjar til Flåklypa Grand Prix. Den er eit meisterverk, der det aller, aller meste klaffar. Ein god historie, svært god animasjon, gode replikkar og gode figurar, godt med humor, og der er til og med ein Groucho Marx-lookalike som spelar piano.

Denne filmen er på langt nær i same klasse. Kanskje hadde filmen og historia fungert betre med andre karakterar, men slik det er no vert filmen samanlikna med forgjengaren. Og den samanlikninga kjem ikkje denne filmen godt ut av. Figurane er dei same, men dokkene er ikkje like gode. Historia er høgst uoriginal, replikkane er tafatte, og humor finst det knapt. I alle fall for oss vaksne, Flåklypa Grand Prix var jo ein film alle kunne le av.

Frimand Pløsen, redaktør for Flåklypa Tidende, har lova lesarane snø til jol. Den kjem ikkje, og han bed Reodor Felgen finna opp ei snømaskin. Det gjer han; Ludvig låner maskina ut til Pløsen, og det kjem så mykje snø at byen vert begravd. For å få stoppa det må dei setja maskina i revers, slik at alle snøen forsvinn igjen. Men - under over alle under - jolekvelden tek det til å snøa likevel. Kven i alle dagar skulle trudd det.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

23. november 2013

JFK (1991)

Jubileum skal jo markerast. At mordet på John F. Kennedy ikkje vert gløymt så fort såg eg ved sjølvsyn sommaren 1988, då eg budde i Colorado. Det var 25 år sidan Kennedy vart drepen, og det florerte med minneutgjevingar i butikkane. I går var det femti år sidan drapet, så eg plukka fram denne filmen.

JFK handlar om Jim Garrison, statsadvokat i New Orleans. Eit år eller to etter at Kennedy vart skoten vert han meir og meir overtydd om at Lee Harvey Oswald ikkje kunne vore åleine om drapet. Oswald vart arrestert same dagen, men vart sjølv drepen to dagar seinare, slik at det ikkje vart noko rettssak. Garrison og staben hans finn fleire moglege kontaktar som kan ha vore innblanda, dei meiner at visepresidenten Lyndon B. Johnson var innblanda, dei meiner kort sagt at den offisielle versjonen var feil. Dei anklagar ein av dei som kan ha vore innblanda, men han vert frikjent.

Det er altså ein drøymefilm for konspirasjonselskarar, dette, i alle fall for dei som ser filmen som ei sann framstilling av historia. Oliver Stone, som har regissert filmen, er til tider ekstremt manipulerande, ikkje minst mot slutten av filmen. Filmen sluttar med den nemnde rettssaka, der Garrison held eit halvtimes langt innlegg der han får leggja fram synet sitt uimotsagt. Det heile sluttar med at han ser rett inn i kamera og seier "it's up to you", ei openberr oppmoding til publikum om å nøsta vidare i saka.

Men det er ein film, dette. Ein kan ikkje vurdera han ut frå historiske fakta, og som film fungerer det meste heilt greitt.

Guffen tilrår.

21. november 2013

Leif Halse/Jens R. Nilssen: Vangsgutane. Bind 1, 1940-42 (2013)

Vangsgutane er ein av dei klassiske norske teikneseriane; avgrensar me oss til dei nynorske seriane er Vangsgutane ein av dei fire store, saman med Smørbukk, Tuss og troll og Ingeniør Knut Berg.

Serien var eit tingingsverk. Hans Aarnes i Nynorsk Vekeblad ville ha ein serie som var ein motsats til Knoll og Tott, og det var akkurat det han fekk. Leif Halse skreiv manus, og dei to hovudpersonane, Steinar og Kåre Vangen, er den rake motsetninga til Knoll og Tott. Vangsgutane misser far sin tidleg i serien, men aldri har det vel eksistert gutar i ti-årsalderen som har vore betre rusta til eit slikt tap: Steinar og Kåre er modige, kloke, arbeidssame, ivrige, ærlege, uavhengige, sterke og snartenkte, og kan greia seg i alle moglege situasjonar. Dei kastar ikkje vekk tida, og veit ikkje noko betre enn å hjelpa mor si med gardsarbeidet - ein stad står det at "dei tek straks til med vedhogginga, og arbeidet går med liv og lyst".

Serien har òg ein motsetnad til Vangsgutane. Larris Skjorhagen har fått i oppgåve å erstatta både Knoll og Tott, og det greier han godt. Han er ein rakkarunge, og det er heilt greitt at han er med i serien, men Halse og teiknaren Jens R. Nilssen dreg det likevel for langt. Larris er eit problembarn, men problemet er større for serien enn for bygda. Der er ingen som bryr seg om han. Den rikaste bonden i bygda skambankar han, læraren gjer narr av rettskrivinga hans framfor heile klassen, og det er ålment akseptert at han skal plagast. Ingen bryr seg om at det er på heimebane dei største problema hans er. Boka sluttar med eit poeng som understrekar dette - faren ber han heim: "Larris heng og dinglar etter ermane og tenkjer på korleis det skal bli når han kjem heim." Litt uti boka verkar det som om Halse og Nilssen vert klar over at det vert for mykje - dei introduserer påsketuristen Fliropp, som fyller rolla som Larris i nokre sider.

Serien vart trykt i Nynorsk Vekeblad frå 1940. Sidene frå bladet vart samla i årlege jolehefte frå 1941. I denne boka er dei tre fyrste jolehefta samla, i det same ståande formatet som Nynorsk Vekeblad hadde. Det er ikkje noko stort poeng; alle sidene har nøyaktig same formgjeving, med seks like store ruter. Viktigare er det at Halse og Nilssen veit korleis ein serie skal fenga - spaninga vert gradvis bygd opp på kvar side, og det er alltid mest spanande i den siste ruta. Du får lyst til å bla om, du får lyst til å lesa vidare.

Med unntak av Larris er manuset heilt greitt. Det handlar mykje om spanande og spesielle hendingar, men av og til kjem og rolegare parti, der det handlar om drifta på garden. Om manuset er greitt, er teikningane langt betre. Jens R. Nilssen var ein meistarleg teiknar.

Nilssen teikna i alt 16 Vangsgutane-hefte, og Fonna Forlag har planar om å samla dei i i alt fem bøker. Det er eit godt tiltak, og viss dei i tillegg til seriane får plass til like gode artiklar som den Nils Nordberg skriv i denne boka, vert det endå betre.

Guffen tilrår.

Meir Vangsgutane på kulturguffebloggen
Bind 2, 1943-45 (2014)

16. november 2013

Ivar Aasen: Symra (2013)

Symra, den einaste diktsamlinga Ivar Aasen gav ut, kom fyrste gong ut i 1863. Ho kom seinare i endra utgåver i 1867 og 1875. Boka jubilerer altså i år, og det jubileet kunne ikkje vore markert på ein finare måte. Terje Aarset har sett saman ei bok der ein ikkje saknar noko som helst. Her er både nye og gamle tekstar om Symra, saman med svært mykje informasjon om korleis dikta har fenge liv utanfor Symra.

Boka opnar med dei 26 dikta i tredjeutgåva av Symra (1875). Deretter skriv både Idar Stegane og Reidar Djupedal godt om Symra, før Aarset går inn i detaljar og avvik i dei tre utgåvene, før merksemda vert retta mot songane. Aasen ville at dikta skulle syngjast; undertittelen på boka var "Tvo Tylfter med Visor og Rim". Dikta var skrivne til kjende tonar, og i ettertid har ei rekkje komponistar sett tone til eitt eller fleire Symra-dikt. Til 1875-utgåva hadde Jakob Kobberstad laga eit notetillegg, og han får sin eigen artikkel. Så kjem det oversikter over kva dikt som har vore med i songbøker, og kva dikt som er gjevne ut på plate.

Det er altså ei grundig bok, som kjem til å verta ståande, ikkje minst som referanseverk. Boka har ei rekkje illustrasjonar, og ikkje minst dei mange bokomslaga er finfine.

Guffen tilrår.

Meir Ivar Aasen på kulturguffebloggen
Garborg, Hovden, Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Handagard: Ivar Aasen (1956)
"Kven skal læra han Ivar å lesa?" (10.12.2011)
Grepstad: Historia om Ivar Aasen (2013)

13. november 2013

The Birds (1963)

Fuglar overalt. Ein ung mann møter ei ung dame i ein fuglebutikk. Han vil kjøpa to dvergpapegøyer til syster si, men går utan å ha handla. Ho sporar han opp, reiser til den vesle heimbyen hans, og leverer to dvergpapegøyer ho har kjøpt. Helga i småbyen vert eit mareritt, der fyrst ho, men seinare heile byen, vert angripne av mannevonde fuglar - duer, sporvar, kråker, osb.

Kvifor fuglane oppfører seg slik kjem absolutt ikkje klart fram. Det vert hinta om at dei reagerer på at dei to dvergpapegøyene er fanga i eit bur, men det er ikkje noko truverdig forklaring på kvifor dei angrip alt og alle, også i nabobyane. For det er verkeleg rabiate fuglar det er snakk om; dei gjer alt dei kan for å angripa menneske, og hakkar seg gjerne gjennom dører for å koma til.

Det vert noko draumeaktig over det heile, det er som eit langvarig mareritt. Den kjensla vert forsterka av at fuglane tidvis er heilt rolege, sjølv om dei framleis er mange. Sluttscena, der fire personar snik seg ut av eit hus før dei køyrer vekk i ein ventande bil, er eit godt døme på det - dei køyrer gjennom eit landskap der tusenvis av fuglar sit heilt roleg.

Guffen er lunken.

Meir Hitchcock på kulturguffebloggen
Dial M for Murder (1954)
Vindu mot bakgården (1954)
North By Northwest (1959)
Psycho (1960)

10. november 2013

Frost/Nixon (2008)

Er historia god nok, trengst det ikkje mykje action i ein film. Det klassiske dømet på det er Alle presidentens menn, ein film om korleis dei to journalistane Woodward og Bernstein avslørte Watergate-skandalen. Watergate handla om korleis folk frå den republikanske Nixon-administrasjonen var innblanda i avlytting av eit demokratisk valkampkontor i Watergate-bygget.

Denne filmen handlar om det som skjedde etter Watergate-avsløringane. Richard Nixon gjekk av i 1974, kanskje mest i frykt for kva som ville skje i ei rettssak om avlyttingane. Han vart benåda av etterfølgjaren sin, slik at det aldri kom noko rettssak. Nixon hadde ein stygg plett på rullebladet sitt, men vart altså aldri dømt. Han trekte seg tilbake til California, der han drøymde om å returnera til politikken.

Slik gjekk det ikkje. Intervjuet denne filmen handlar om spelte nok inn; om det var den einaste grunnen veit eg ikkje. Den britiske journalisten David Frost greidde i 1977 å få Nixon med på ei rekkje intervju. Frost var ein talkshow-vert, som tidlegare ikkje hadde vist noko interesse for politikk, og det var ein av grunnane til at Nixon takka ja: Med langt meir røynsle frå debattar ville han truleg greia å styra samtalen til sin fordel. Det greidde han bra, heilt til den siste dagen, då Watergate var tema. Frost hadde førebudd seg ekstremt grundig, og fekk Nixon til å seia noko han aldri hadde sagt før - at han hadde svikta det amerikanske folket, og at det var noko han måtte leva med resten av livet.

Frost er van med å ta ting på sparket, og å spela på sin eigen sjarm, men her må han altså visa at han har litt i skallen, og at han kan vera ein kritisk intervjuar. Nixon har si oppfatning av kva som skjedde i Watergate, og er omgitt av folk som deler den oppfatninga. Eitt av høgdepunkta i filmen er når han seier at den amerikanske presidenten er heva over lova. Frost forstår at dette er ei utsegn som bør få hengja i lufta litt, og ventar med å seia noko. Nixon innser òg at dette vart feil, men seier heller ikkje noko. Fire-fem sekund der dei berre ser på kvarandre.

Sjølv om ein veit kva som kjem, er dette ein framifrå film. Og det er altså heilt utan action - her er knapt nok bilkøyring.

Guffen tilrår.

9. november 2013

Helga Flatland: Det finnes ingen helhet (2013)

Helga Flatland skriv gode bøker. Dette er den tredje frittståande boka i ein trilogi - eg har berre lese dei to siste, og har likt begge. Utgangspunktet for bøkene er ei hending i Afghanistan, der tre barndomskameratar frå same bygd misser livet i ein eksplosjon.

Det er noko lett Tillersk over desse bøkene. Der det i Innsirkling-bøkene handlar om ein manglande person, er det her tre. Også her vekslar forfattaren mellom ulike forteljarar. Også her kan same hendinga verta fortalt ulikt av dei som var med.

Hovudpersonen i denne boka er dokteren i bygda, Ragnhild. Ho bur åleine, og er langt meir einsam enn ho vedgår. Ho veit mykje om mange, og er, som dokterar flest, ein som kjem med både dårleg og godt nytt. Ho står som ein trygg påle for fleire, det er verre med dei mange som framleis slit med å forstå det som skjedde fem år tidlegare. Ein av dei som har det verst er Bjørn. Han reiste til Afghanistan saman med dei tre andre, og var den einaste som kom levande heim. Dei tre andre vart gjort til heltar i bygda, han vart nesten gløymt.

Guffen tilrår.

Meir Flatland på kulturguffebloggen
Bli hvis du kan. Reis hvis du må (2010)
Alle vil hjem. Ingen vil tilbake (2011)
Vingebelastning (2015)
En moderne familie (2017)

8. november 2013

The Wild Bunch (1969)

Det er stas med filmar som tek ei anna vending enn det ein skulle tru, men i dette høvet er det òg litt irriterande, og litt rart.

Filmen opnar med eit brutalt ran av eit jernbanekontor, ein stad langt sør i USA, svært tidleg på 1900-talet. Mange døyr, men dei to leiarane for bandittane, Pike og Dutch, kjem seg unna, saman med nokre få av hjelparane sine. Han som leia forsvaret av kontoret, Deke Thornton, har tidlegare vore samansvoren med dei to bandittleiarane, og han legg ut for å fanga dei.

Det greier han aldri. Han er på sporet av dei, men får aldri heilt nærkontakt. Den siste halvdelen av filmen har to parallelle handlingar - i den eine jaktar Thornton på bandittane; i den andre, som er langt meir spanande, vert Pike og Dutch hyra inn av ein meksikansk bandeleiar for å rana ein amerikansk våpentransport. Dei får med seg våpna frå toget, der Thornton sit i ei anna vogn, og leverer dei til meksikanaren. Opphaldet deira der sluttar med ein massakre, der noko som verkar som hundrevis av personar vert skotne ned. Thornton kjem for seint, sjølvsagt.

Det er noko nostalgisk over alle dei tre i hovudrollene. Kanskje spesielt Thornton, som ikkje berre leitar etter Pike og Dutch, men som òg lengtar tilbake til tida då dei tre reid saman. Ved minst eitt høve let han hjelparane sine få høyra at dei ikkje kan måla seg med Pike og Dutch, og at han sjølv gjerne skulle vore saman med dei.

Guffen er lunken.

2. november 2013

Morrissey: Autobiography (2013)

Dette har eg sagt før: Eg høyrde svært mykje på The Smiths i åttiåra. Dei var favorittbandet mitt, eg samla på både lovlege og ulovlege utgjevingar, eg abonnerte på den fyrste Smiths-zina, og hausten 1986 reiste eg til England for å sjå dei live. Etter at bandet vart oppløyst miste eg fort interessa for nye utgjevingar; eg likte den fyrste soloplata til Morrissey, men deretter vart det fort keisamt. Kva slags musikk han lagar i dag anar eg ikkje; for rundt ti år sidan fekk eg You are the Quarry frå Alex, og det var triste greier.

Kanskje det er tilfeldig, men boka vert òg veldig uinteressant når Morrissey skriv om tida etter 1990. Det vert uventa mykje oppramsing av konsertar, komplett med publikumstal, og for få engasjerande historier. Unntaket er rettsaka der Smiths-trommeslagaren Mike Joyce drog Morrissey og gitaristen Johnny Marr for retten, i eit vellukka forsøk på å få betre betalt for åra i The Smiths. Det engasjerer - i alle fall ei stund. Morrissey dreg det altfor langt ut. Det er greitt at han framleis er usamd, men det får vera grenser. Det vert for mykje klaging. Han klagar over dommaren, han meiner at andre dommarar er solidariske mot yrkeskollegaene sine, han kjem med nokre utrulege konspirasjonsteoriar, og etter førti-femti sider med dette er ein meir lei enn imponert.

Klaging er det elles i boka òg. Det verkar som om han hugsar ris betre enn ros; når han skriv om The Queen Is Dead, LP-en som av mange er sett på som meisterverket til The Smiths, og som sist veke igjen vart kåra til tidenes beste av NME, nemner han berre dei to (viktige) meldingane som var reint negative, og ser vekk frå dei mange rosande. Dei store syndarane i livet til Morrissey er plateselskap generelt, og Rough Trade-sjefen Geoff Travis spesielt. I tillegg til Mike Joyce ('a flea in search of a dog').

Men det er òg mykje bra i boka. Etter nokre keisame oppramsingar av familiemedlemmar, og oppramsingar av kva fjernsyns- og radioprogram han såg og høyrde som liten, kjem det fleire fantastiske skildringar av kor viktig musikk kan vera. Han likte musikk frå mange ulike sjangrar, og var der då punken braut ut i England. Han har gode skildringar av dei ulike artistane, både musikalsk og elles, vokalisten i Ramones vert til dømes omtalt som ein som 'looked as if he had been murdered in a hospital bed'. Minst halve boka er bra og vel så det, og då får me heller prøva å la vera å irritera oss over at Morrissey visstnok grein seg til å få boka utgitt i serien "Penguin Classics".

Guffen tilrår.

Meir The Smiths på kulturguffebloggen
Simon Goddard: Mozipedia (2009)
Frode Grytten: Dronninga er død (2010)
Tony Fletcher: A Light That Never Goes Out (2012)
Julie Hamoll: 15 Minutes With You (2015)
Johnny Marr: Set the Boy Free (2016)

Sopranos, sesong 2 (2000)

Ja, eg veit eg er seint ute med å sjå Sopranos. Eg likte opningssesongen då eg såg han tidlegare i år; denne er endå betre. Alle verkar sikrare på det dei gjer, både framom og bak kamera. Ikkje minst gjeld det James Gandolfini, som spelar hovudrolla. Han briljerer, og vert mafiabossen Tony Soprano på ein så overtydande måte at det etter kvart vert vanskeleg å sjå at nokon annan kunne spelt denne rolla.

Det er familiar det handlar om, i fleire retningar. Kjernefamilien til Soprano slit, litt av di dei to ungane hans vil vera meir sjølvstendige, men mest av di han ikkje kvittar seg med elskarinna si. Kona finn ut av det, og protesterer tydelegare og tydelegare. Soprano har òg problem med systera, som trulovar seg med ein gangster Soprano ikkje toler trynet på, og med mora og onkelen. Og i mafiafamilien er ein av dei mest trugne medarbeidarane hans informant for FBI.

Og det går unna. Alle episodane er solide, nokre er på grensa til magiske. Eg ser serien åleine, stort sett når eg syklar i kjellaren eller når eg er på tur. Det ser ut til å verta lite reising resten av året, så eg vonar på mange sykkelkveldar framover.

Guffen tilrår.

Meir Sopranos på kulturguffebloggen
Sesong 1 (1999)
Sesong 3 (2001)
Sesong 4 (2002)
Sesong 5 (2004)
Sesong 6 (2006-07)

27. oktober 2013

The Ballad of Cable Hogue (1970)

Cable Hogue vert forlatt av to kompanjongar i ørkenen, heilt utan vatn. Han leitar i dagevis, før han finn ei lita kjelde ingen har visst om. Kjelda ligg like ved ei vognrute, og han set opp eit lite hus, der han byr reisande på kost (og ein sjeldan gong losji).

Handlinga er lagt til tidleg 1900-tal, og det skjer i det sørvestlege USA. Den ville vesten syng på siste verset, her er litt skyting og sånn, men er dukkar òg opp langt meir moderne saker. Tida endrar seg, og det er av og til noko melankolsk over filmen.

Mykje er godt her, men mykje er òg dårleg. Det er ikkje mykje som er meir pinleg enn scener som heilt opplagt skal vera komiske, utan at dei er det. Hogue forelskar seg i ei prostituert kvinne i nabobyen, og måten ho er filma på er òg skrekkeleg pinleg.

Guffen er lunken.

25. oktober 2013

Kjartan Fløgstad: Brennbart (2004)

For nokre veker sidan var eg innom hjå noko slekt på Melhus. Me snakka som vanleg om litt av kvart, og kom inn på Kjartan Fløgstad. Mannen i huset er målmann i teori, men ikkje i praksis, sa at han eigentleg likte Fløgstad betre som måldebattant enn som romanforfattar. Eg tenkte litt på det, og kom vel fram til at eg var heilt samd.

For Fløgstad har skrive mykje godt om målsak og målstoda i landet dei siste åra. I fjor skreiv han den glimrande artikkelen "Eit sant mirakel" i Aftenposten, der han mellom anna viste at det står aldeles glimrande til med nynorsk skjønnlitteratur. Sist veke heldt han eit innlegg om den manglande bruken av nynorsk i riksavisene - utdrag har vore trykt eit par stader; heile innlegget kjem snart i Syn og Segn.

Og for snart ti år sidan kom denne pamfletten. Den er det ein fest å lesa. Utgangspunktet verkar å vera noko historikaren Hans Fredrik Dahl skreiv i band V av Norsk idehistorie: "Det fans målfolk som så det slik at Ivar Aasens verk ble videreført av ideologer som Alfred Rosenberg i Tyskland og Vidkun Quisling i Norge".

Det er jo ein meiningslaus påstand. Dahl utdjuper diverre ikkje denne påstanden, slik at me får aldri vita kva som skulle vera samanhengen mellom språkarbeidet til Aasen og dei tyske massemorda i Aust-Europa, som Rosenberg hadde ansvar for. Det er ein meiningslaus påstand, det er så dumt at ein ikkje veit heilt om ein skal le eller grina. Fløgstad vert derimot så irritert at han går til kjeldene, og når han kjem tilbake er det ikkje berre Dahl som får køyrt seg: Fløgstad viser at Riksmålsforbundet samarbeidde med NS under krigen. Der Noregs Mållag, som på den tida kjempa for eit språk i vekst, la språkstriden til side under krigen, gjorde Riksmålsforbundet det dei kunne for å styrka sin posisjon. Dette vert nedtona, både av Dahl og av dei som har skrive om Riksmålsforbundet; i staden skapar ein eit bilete av at det var mållaget som var mest sympatiske med NS.

Fløgstad stoppar ikkje der. Han skriv òg om korleis nynorsk vert hundsa med av folk som burde vita betre, både ungdomspolitikarar på høgresida, og av lærarar på ulikt nivå. Og han kjem med eit spørsmål som framleis er aktuelt: "Får Fosse nobelprisen i litteratur før styresmaktene får avskaffa nynorsk som offisielt språk i heimlandet til diktaren?"

Guffen tilrår.

21. oktober 2013

Truman Capote: In Cold Blood (1966)

Herbert Clutter var ein ideal-amerikanar. Han og familien budde i småbyen Holcomb i Kansas. Dei to eldste ungane i familien hadde flytta heimefrå; dei to minste budde framleis heime. "Of all the People in all the world, the Clutters were the least likely to be murdered", står det i boka.

Men likevel var det det som skjedde. Ein morgon i 1959 vart dei fire funne drepne, skotne i fire ulike rom i huset deira. Naboane hadde ikkje høyrd noko, og dei einaste spora var to utydelege fotspor, som viste at der måtte vera minst to mordarar. Politiet ante ikkje var dei skulle leita. Clutter var utan fiendar, alle i lokalsamfunnet visste at han ikkje hadde pengar heime. Politiet stod i stampe, heilt til ein innsett i eit fengsel fortalde at han hadde tipsa ein tidlegare cellekamerat om at Clutter budde relativt avsides og var tjukk i pengar. Politiet spora raskt opp cellekameraten, og ein kjenning av han. Dei to vart dømde til døden året etter, og nokre år seinare igjen vart begge hengde.

Boka vart visst rimeleg heitt debattert då ho kom. Capote skriv det heile som ei dokumentarbok, og det var noko nytt. Med eit slikt grep kom det ikkje uventa mange korrigerande merknader: Det møtet skjedde ikkje akkurat der. Korleis kan han vita kva dei to drepne ungane snakka om kvelden før dei vart drepne? For meg vert slike innvendingar berre pirk, og det har ingenting å seia for leseopplevinga. Då er det verre at Capote går litt for grundig inn i saka. Han skriv om forhistoria til alle dei impliserte, og vert litt for ivrig når det gjeld forhistoria til dei to mordarane. Der kjem den same historia fleire gonger. Mot slutten av boka skildrar han livet deira i fengsel, der dei ventar på å mista livet, og her går Capote òg alt for langt inn i historia til dei andre som sit og ventar.

Guffen er lunken.

Meir Capote på kulturguffebloggen
Breakfast at Tiffany's (film, 1961)
In Cold Blood (film, 1967)
First and Last (1995)
The Early Stories of Truman Capote (2015)

15. oktober 2013

Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)

Det Norske Teatret er eit teater å verta glad i. Ikkje berre for oss som høyrer til på den rette sida i målsaka, og heller ikkje berre for slike som inviterte med seg ei jente på Fuglane i 1998, og som mange år seinare har to-tre ungar med den same jenta. Under hundreårsfesten i Oslo sist helg var tusenvis av folk innom teateret, og svært mange av dei må ha likt teateret for det det er: Det mest spanande av dei store teatra i landet.

Det er noko som har skjedd mot alle odds. Å dra i gang eit målteater i Oslo i 1913 var å be om bråk, og det fekk dei verkeleg òg. Det fyrste stykket dei sette opp i hovudstaden var Jeppe på Berget, og fleire av framsyningane enda i regelrette gatekampar. På det meste var rundt 10 000 personar samla utanfor teatret - nokre for å sloss, andre for å vera der.

Teateret overlevde dei kampane, og også dei andre slaga det kom opp i utover 1900-talet. Dei kjøpte tidleg ein av dei mest sentrale eigedommane i Oslo, men vart verande huslause lenge. Kor realistiske husplanane var varierte med velstanden til teateret, men det tok 72 år før dei endeleg fekk flytta inn i eige hus. Det nye huset førte heller ikkje berre med seg velstand; det var eit dyrt hus å driva, og tidvis var òg den økonomiske styringa mindre god.

Det som redda Det Norske Teatret, både før og etter at dei tok nybygget sitt i bruk, var musikalane. Fleire av desse vart enorme suksessar. Dei siste åra har det likevel vore ei vriding mot langt enklare teater - framsyningane der Svein Tindberg står heilt åleine på scena og framfører tekstar frå Bibelen, har òg vore gode for teateret.

Det kanskje mest fascinerande ved historia til Det Norske Teatret er at det har overlevd utan å ha ein nynorsk skodespeltradisjon å støtta seg til. Det som var skrive før teateret vart grunnlagt var stort sett enkle greier, bortsett frå Læraren av Arne Garborg, eit stykke som vart sett opp fleire gonger utover 1900-talet. Nyskrivne stykke var det få av, og også store forfattarar som Tarjei Vesaas bomma sterkt når dei skreiv for scena. Det var ikkje før med Jon Fosse, tidleg i 90-åra, at ein fekk eit høgt nivå på den nynorske dramatikken. Tidlegare hadde teateret meir suksess med å dramatisera romanar, enn med å spela nynorsk dramatikk.

Denne boka kjem i jubileumsåret til Det Norske Teatret, og det er ei bok det tidvis er ein fest å lesa. Alfred Fidjestøl har total kontroll på historia, han dykkar ned i både skriftlege og munnlege kjelder, og kjem ut att med hovudet over vatnet. Det er ei tjukk bok, på nær 700 sider (pluss notar og slikt), men ho er så velskriven at lesinga går lett og radig.

Guffen tilrår.

Og apropos jubileum - dette er innlegg nummer 600 på kulturguffebloggen.

Meir Fidjestøl på kulturguffebloggen
Askerkretsen (2014)

Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)
Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)
Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)
Innsirkling (9.2.11)
Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Snøkvit (Det Norske Teatret, Oslo, 14.10.17)

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)

Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)

Dennis Bergkamp er noko av det elegantaste som har vist seg på ein fotballbane. Han er frå Holland, og spelte (heldigvis) det meste av karriera si på Arsenal. Han var ikkje berre elegant, han hadde òg ein uvanleg god ballkontroll, og hadde i tillegg eit overblikk og ein pasningsfot det er få forunt å ha. Eg veit sjølvsagt ikkje dette sikkert, men reknar med at han var ein spelar dei fleste likte å sjå, ikkje berre dei som sokna til Arsenal.

Fotballbiografiar er ofte traurige saker. Her har dei valt ei lovande løysing, der det går meir på tema enn kronologi. Litt kronologisk er det, men ikkje på den måten at ein går gjennom kvar kamp Bergkamp var involvert i. Kapitla tek ofte utgangspunkt i dei mest sentrale prestasjonane hans - målet mot Argentina i 1998, målet mot Newcastle, dei mange målgjevande, debuten for Ajax som 16-åring, straffebommen mot Manchester United, flyskrekken - før det går over til reine intervju oftare knytt til ulike tema. Oftast med Bergkamp sjølv, men òg andre kjem til orde. Det ligg litt i sjangeren at folk vert rosa i slike intervju, men det er ikkje måte på skryt Bergkamp får.

Alt i alt gjev boka eit godt bilete av Bergkamp, sjølv om ein alltid må lesa sjølvbiografiar med ei klype salt. Han verkar veldig målretta, på alle måtar, og verkar òg relativt oppegåande. I alle fall til fotballspelar å vera.

Guffen tilrår.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgian Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)

13. oktober 2013

Giant (1956)

Dette er seige greier. I alle fall kort tid etter at eg såg ein annan alt for lang film, There Will Be Blood, som også handla om rikdom knytt til olje. Her er det rett nok også rikdom knytt til kvegdrift, men likevel.

Det er eit sleksdrama frå Texas. Den rike Benedict-familien har ein enorm kvegranch. Jett Rink, ein av arbeidarane der, arvar eit stykke av garden, finn olje der, og vert endå rikare enn Benedict-familien. Han står for framtida, medan Benedict og kveget deira verkar litt gamaldagse.

Filmen tek for så vidt opp gode emne, som rasismen blant kvite texanarar, om pengar er eit gode, og om presset frå generasjonane som har passert. Men det går så ubehjelpeleg tregt. Me som ser på skjønar omtrent kva som er svaret på spørsmåla før spørsmåla vert stilte. Det heile er så overtydeleg, som i scena mot slutten der ein meksikansk familie vert nekta servering på ein restaurant.

Her er fleire store og kjende namn på rollelista, men det er ikkje det same som at spelet er bra. Filmen gjer det tydelegare enn nokon gong at James Dean er ein skodespelar med høgst avgrensa evner.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

12. oktober 2013

The Unforgiven (1992)

I 1990-åra var det langt mellom dei gode westernfilmane. Det var ein sjanger som mest høyrde fortida til, og slik sett var det difor passande at når det fyrst kom ein bra western i 90-åra, handla det om gamle menn.

Ei prostituert vert kutta i fjeset av ein kunde. Han slepp relativt billeg unna, og kollegaene hennar utlovar ein dusør til den som kan drepa valdsmannen og kameraten hans. To gamle revolvermenn, William (Clint Eastwood) og Ned (Morgan Freeman), vert inviterte med av ein wannabe revolvermann. Dei er rustne, på alle måtar. Ein ting er at dei ikkje skyt like sikkert som i gamle dagar, ein annan ting er at William ikkje greier å koma seg opp på hesten. Den fyrste halvtimen av filmen landar Eastwood i gjørma eller på bakken fire-fem gonger, ingen av dei er overtydande.

Resten av filmen er betre. Byen der valdshendinga skjedde er totalt dominert av den knallharde sheriffen Bill Daggett (Gene Hackman), som sparkar og slår i alle retningar. Det er mellom han og dei to (ev. tre) revolvermennene det endelege slaget står - dei to valdsmennene har heilt perifere biroller.

Guffen tilrår.

9. oktober 2013

Touch of Evil (1958)

Ein god og ein dårleg politimann, frå kvar si side av grensa mellom Mexico og USA. Ein velståande amerikanarar vert sprengt i hel i bilen sin, rett etter å ha køyrt over grensa til den amerikanske sida. Den hovudmistenkte vert arrestert av Hank Quinlan, den amerikanske politimannen. Den meksikanske, Miguel Vargas, skuldar Quinlan for å ha planta bevis mot den skuldige, og det viser seg at Quinlan har gjort det same mange gonger, for å få ein person dømd for ulike brotsverk. Ved sida av denne historia går ei historie om den meksikanske narkotikabanden Vargas har ei årelang feide med. Dei kidnappar kona hans, og prøver å skapa inntrykk av at ho òg er narkoman.

Det er ein heilt grei film. Det er som regel myrkt, slik det skal vera i noir-sjangeren. Opningsscena er glimrande, der me veit at dynamitten i bilen snart eksploderer, samstundes som bilen knapt rører seg gjennom ei folkemengde. Det er ei scene som hadde vore Hitchcock verdig. Orson Welles, som både regisserer og spelar rolla som Quinlan, gjer noko liknande fleire gonger i filmen, der publikum veit langt meir enn dei som famlar seg fram på skjermen.

Guffen tilrår.

Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
The Magnificent Ambersons (1942)
Den tredje mann (1949)
Me and Orson Welles (2008)
Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)

Richard Moore: The Dirtiest Race in History (2012)

Hausten 1988 budde eg i Colorado. Eg hadde ikkje fjernsyn, så eg såg ingenting av OL i Seoul. Frå avisene fekk eg likevel med meg dei største overskriftene - som den om at canadiske Ben Johnson sette ny verdsrekord på 100 meter. Og som den om at Ben Johnson var teken i doping og sendt heim i skam.

Gullet gjekk i staden til amerikanske Carl Lewis, og det er forholdet mellom desse to boka handlar om. Dei var rake motsetnader - Lewis var veltalande, rimeleg oppegåande, høfleg og seriøs; Johnson stamma, var ikkje sett på som altfor intelligent, og likte ein fest eller to. Utetter i 80-åra var det dei to som var dei store sprintarane, stort sett med Lewis som den beste. Dei møtte kvarandre 17 gonger på 100 meter; Lewis vann ti av dei. I åra fram mot 1988 hadde likevel Johnson eit overtak, og det var ikkje uventa at han vann i Seoul.

Det var heller ikkje uventa at han vart teken i doping. I boka seier fleire at det overraskande var at han var dum nok til å verta teken. Sjølv meinte at han at nokon hadde hatt noko i ølet han drakk i dopingkontrollen, men vedgjekk at han hadde vore dopa tidlegare.

Heller ikkje Lewis var fri for doping, men han hadde i alle fall gode nok hjelparar til at han ikkje vart teken i konkurranse. Også britiske Linford Christie, som kryssa målstreken som nummer tre, vart seinare teken i doping, slik at helten i denne boka er amerikanske Calvin Smith. Han vart nummer fire, han vart forfremma til nummer tre, men burde truleg vore forfremma til nummer ein.

Richard Moore fortel historia på ein eksemplarisk måte. Ungdomsår, konkurransar og det som høyrer med til åra før Seoul er godt skildra - og måten han skriv om dagane før, under og etter sprintfinala, der me følgjer aktørane omtrent time for time, er glimrande. Det skin tjukt gjennom at han ikkje trur at folk kan springa så fort utan doping, og det heile set òg Usain Bolt i eit litt rarare lys.

Guffen tilrår.

7. oktober 2013

There Will Be Blood (2007)

Daniel Plainview har eitt mål i livet: Å tena så mykje pengar som råd. Han er ein pioner innan oljeboring i California, og kan såleis nytta røynslene sine til å få gode kontraktar. Han får pengar, han kjøper meir land, og får meir pengar. Filmen sluttar med at han bur i eit enormt hus, heilt åleine. Spesielt lukkeleg verkar han ikkje, can't buy me love og alt det der.

Han gjer alt for å nå målet. Han smiskar og lyg, han tek livet av folk som står i vegen for han, og når ein av pionerkollegaene hans døyr, tek han til seg son hans - primært for å bruka denne guten i forhandlingar og på folkemøte. Når guten vert eit problem, sender han han berre vekk.

Han er altså rimeleg ond, og det er difor ikkje overraskande at den motstandaren han slit litt med er ein predikant. Denne predikanten er heller ikkje heilt til å stola på; han har ikkje noko utdanning, og ser ut til å ha laga sin eigen religion, men han er ein av dei få som er sterke nok til å stå mot Plainview.

Er denne historia god nok til å bera ein film? Kanskje, men ikkje av seg sjølv. Her vert ho dregen ut i det uendelege, det går ubehjelpeleg seint, og det me får er endå ein av desse filmane som kallar seg episk. Det er ikkje noko godt teikn, og her fungerer det altså ikkje.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

5. oktober 2013

William Gay: I Hate to See that Evening Sun Go Down (2002)

Dette er den tredje boka av Gay eg les i år, og eg er framleis like imponert. For ein forfattar. Her er i alt tretten noveller, og minst ti av dei er aldeles glimrande.

Gay veit korleis han skal byggja opp noveller. Han deler ikkje ut alle korta med ein gong, og overraskar ofte lesaren ved å senda novella ut i ei anna retning enn det me trur. Dette vert knapt tydelegare enn i den sterke sluttnovella, "My Hand Is Just Fine Where It Is". Den opnar med at ein mann ventar på den gifte kjærasten sin, og det verkar som ein variant av det han vore innom fleire gonger - godt vaksne folk som må læra seg korleis ein oppløyser ekteskap. Men heilt ut av det blå snur det heile, og me får ei novelle som handlar om langt viktigare ting enn brotne ekteskapsløfte.

Gay veit òg korleis han skal opna ei novelle, og korleis han skal opna ei bok. Heile boka opnar med denne setninga: "When the taxicab let old man Meecham out in the dusty roadbed by his mailbox the first thing he noticed was that someone was living in his house". Eit godt døme på korleis ein skal halda på interessa til lesaren, for å seia det mildt.

Gjennom heile boka møter me folk som ikkje har fått det heilt som dei ville i livet. Her er dødsfall og mord, her er vald, her er mykje drikking. Nokre har gitt opp, nokre bestemmer seg for å kjempa ein siste kamp, andre kjempar friskt vidare. Alle vert skrivne om i eit språk dei knapt kunne brukt sjølv - Gay har eit uvanleg variert og godt språk. Det gjeld alt han skriv, men kanskje mest i dialogane.

Det triste med å verta så begeistra for ein forfattar er at etter tre bøker er eg alt rundt halvveges i bibliografien hans. Gay var 58 år då fyrste boka hans kom ut i 1999, og han døydde i fjor. Då hadde han gjeve ut fem bøker, og det er snakk om at det kjem ei posthum utgjeving i tillegg. Novellene hans er i slekt med novellene til Flannery O'Connor, som òg gav ut heller få bøker før ho døydde.

Guffen tilrår.

Meir Gay på kulturguffebloggen
The Long Home (1999)
Provinces of Night (2001)
Wittgenstein's Lolita (2006)
Twilight (2006)
Little Sister Death (2015)

29. september 2013

Simple Men (1992)

I 90-åra, då eg budde i Bergen, såg eg fleire filmar av Hal Hartley. Dei vart viste på kino, og dei vart viste i filmklubben eller på cinemateket. Det var gode filmar. Eg veit minimalt om kvar det vart av han, om han framleis lagar film, og om dei filmane eventuelt er verdt å sjå. For nokre månader sidan kom der ein kommentar på bloggen om at eg burde sjå filmar av Hal Hartley. Eg fekk lyst til å sjå ein av dei gamle favorittane igjen, og det var det verdt.

To brør slår seg saman og reiser ut av New York. Dennis, den yngste, reiser for å leita etter far deira, ei tidlegare baseballstjerne som er fengsla for eit bombeattentat. Bill, den eldste, er ettersøkt for å ha vore med på eit ran han ikkje fekk noko utbytte av. Dei har ikkje pengar, men får bu hjå to kvinner. Ho som eig huset er redd, av di den valdelege eksmannen hennar nett er ute frå fengsel; ho andre viser seg å vera kjærasten til far til dei to mennene.

Marit meinte at filmen kunne minna om eit Fosse-stykke, mellom anna av di replikkar vert repeterte. Om det minner om Fosse eller ikkje er ikkje så nøye, men det minner ikkje så reint lite om eit teaterstykke. Heile filmen er prega av nærbilete, handlinga ligg i replikkane til karakterane. Og det som ikkje vert sagt er like viktig, her kjem ofte lange pausar mellom replikkane. Og det er ein flott film, med glimrande filmmusikk. Og ei av dei store danse-scenene i filmhistoria.

Guffen tilrår.

22. september 2013

Ordinary People (1980)

Alt står bra til hjå den amerikanske familien Jarrett. Faren har ein god jobb der han tenar godt med pengar, mora tek seg godt av hus og heim, og dei to sønene er flinke både på skulen og i symjebassenget. Alt vert snudd på hovudet når den eldste sonen, Buck, druknar i ei båtulukke. Broren Conrad var med han i båten. Det vert for mykje på ein gong - han skal leva opp til Buck, som var ein betre symjar og ein meir populær gut, han skal greia seg utan bror sin, og han er plaga med skuld - kunne han greidd å berga broren?

Omtrent her tek filmen til. Det er ei svært trykt stemning i huset, og alt som er positivt verkar tilgjort. Conrad går etter kvart til psykolog, og er på god veg til å få livet sitt på rett kjøl igjen. Han løyser dei fleste indre stridane sine, og til slutt er det berre ein ting som står att - problema heime. Jo meir mora viser seg i filmen, jo meir viser det seg at ho er altfor innestengd. Ho viser ikkje kjensler, ho snakkar aldri godt med Conrad, ho snakkar sjeldan godt med far hans. Det verkar som om Conrad ikkje kan få eit godt liv så lenge han og mora bur under same tak.

Det er ein fin og tett film. Det er mest snakking, her er så lite fart og spaning at når Conrad og ein klassekamerat kjem i slåsskamp verkar det nesten malplassert. Filmen handlar altså om familieforhold, og det minner nesten om ein Woody Allen-film. Utan humoren.

Guffen tilrår.