22. januar 2013

Sven Ove Bakke m.fl.: Norske klassikere (2012)

Dei fire forfattarane Sven Ove Bakke, Inger Merete Hobbelstad, Vidar Kvalshaug og Morten Ståle Nilsen har alle skrive om kultur, både for aviser og andre stader. Her har dei samla nær 700 viktige norske kulturprodukt, frå andre verdskrigen og fram til i dag. Det handlar altså om det kulturfeltet Hadja Tajik burde fått spørsmål om, ikkje dette visvaset om kva som gjer at svenskar visstnok oppfører seg fint i gangfelt. Samstundes viser boka òg at dei to ulike måtane å bruka ordet 'kultur' på er relaterte - desse kulturprodukta har vore med på å forma den norske kulturen.

Utvalet er sjølvsagt slik det alltid er. Mange av vala er midt i blinken, medan andre er meir uforståelege. Slik må det vera, og det er heilt greitt. Like viktig er det at boka skriv om bøker og filmer og plater eg ikkje kjenner så godt, men som eg får lyst til å prøva. Eg noterte rundt 50-60 titlar, så der er nok å ta av.

Eg har ikkje dobbelsjekka dette, men eg hadde ei kjensle av at det vart meir og meir musikk for kvart tiår som gjekk, og at talet på bøker vart færre og færre. Viss det er tilfelle, er det jo eit godt bilete på kor dominerande musikken etter kvart vert i det norske samfunnet. Dei fire forfattarane er (relativt) jamgamle, og det påverkar òg utvalet. Kanskje det gjer at boka er retta mest mot folk frå (omtrent) same generasjonen; kanskje ville langt eldre folk sett på andre verk som meir relevante.

Det er uansett gledeleg med ei bok som dreg fram fire Motorpsycho-plater, som nemner mykje god litteratur, som skriv varmt om Smørbukk (i ein artikkel der dei mellom anna siterer meg - ahem), og som omtalar Salhuskvintetten som nokon som "ser ut som de kommer rett fra statsråd i Einar Gerhardsens fjerde regjering". Så ser me heller vekk frå dei få faktafeila som finst.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar