5. februar 2013

Hunter S. Thompson: Fear and Loathing in Las Vegas (1971)

Det er sikkert fleire innfallsvinklar til ei bok som denne. Det kan godt henda at det er kritikkverdig at ein forfattar skriv så varmt om gleda av å vera rusa, og at han rett som det er skildrar dei ulike gode og mindre gode sidene av rusmidla han stappar i seg. Men det kan òg henda at dei som les ei bok som dette alt kva dop kan føra med seg, og at dei i staden kosar seg med den fantastiske skrivinga til Thompson. Det er omtrent der eg er, i alle fall - eg har ikkje prøvd eitt einaste av rusmidla han nemner i boka, men eg ser likevel dette som ei fantastisk bok.

Kort fortalt handlar det om to personar som reiser frå California til Las Vegas. Thompson skal skriva ein artikkel om eit billøp, han andre er advokaten hans. Om ting går som planlagt eller ikkje er ikkje greitt å seia, men dei får ikkje med seg mykje av løpet. Før Thompson kjem seg vidare, får han telegram om å òg dekkja ein konferanse for politifolk som arbeider med narkotikasaker. Han får ikkje med seg så mykje av den heller.

Han bruker i staden tida på dop, og dei kastar ikkje vekk tida. Alt i bilen på veg til Vegas stappar dei i seg litt av kvart, og gjennom heile boka er dei stort sett rusa. Og paranoide. Dei ser farer overalt, dei ser folk som kan gå til politiet med det dei veit, osb. Folk som har sett litt for mykje vert rundlurte i etterkant, både Thompson og advokaten er store manipulatorar, og diktar opp den eine løgna større enn den andre.

For meg er det dette som er det gjevaste med boka, altså det fantasirike språket til Thompson. Men der er meir med boka. Thompson vil ikkje berre få folk til å smila, han vil ikkje berre fortelja folk om den strålande heisaturen han hadde til Vegas. Med jamne mellomrom kjem det korte artiklar han les i aviser han kjem over, og desse fortel stort sett om folk det har gått gale med, som han karen som, sterkt rusa, hadde så vondt i augene at han grov dei ut av augneholene sine. Også desse notisane fortel gjerne om valdsepisodar, der narkotika har delar av skulda. Og då kan det altså henda at boka godt kan lesast som eit gravskrift over den amerikanske hippiedraumen, ein draum der ein brukte dop for å arbeida for peace og love, men der dopet i staden tok over, og der det slettes ikkje var så mykje peace og love. Så det kan henda at boka godt kan lesast som ei antidop-bok.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar