13. februar 2013

Stefan Fatsis: Word Freak (2002)

Eg kjem frå ein familie der det ikkje akkurat var mangel på brettspel. Favorittspela har variert, men nokre har vore relativt populære over lange tidsrom. Høgast heng truleg Kremlin, som aldri sluttar å fascinera, men også eit spel som Scrabble har høg status. Dei siste åra har eg ofte spelt ulike digitale variantar av Scrabble. På Ordspill.no treivst eg lenge svært godt, og kom heilt opp til sjetteplass på rankinga. Like høgt ranka er eg ikkje i Wordfeud-ligaen, langt derifrå. Ein grunn kan vera at det eg hadde som den store styrken på Ordspill.no, farten, ikkje er eit element i Wordfeud.

Så eg spelar og har spelt ein del Scrabble, men eg kan ikkje måla meg med dei Fatsis skriv om. Han reiser rundt på Scrabble-turneringar, fyrst og fremst i heimlandet USA, men òg til Australia. Dei han skriv om er heilt i den nasjonale toppen, og det er nesten utan unntak personar med litt avvikande særpreg. Mange av dei er arbeidslause, mange av dei bur heime hjå foreldra, mange har eit usunt kosthald, og mange av dei er heilt utan pengar.

Og alle har ei stor samling ordbøker. Dette er folk som studerer dei godkjende Scrabble-listene - fyrst lærer dei seg alle ord på to bokstavar, så ord på tre bokstavar (og dei legg spesielt merke til ord som lett kan utvidast til fire bokstavar), og så vidare. Alle bingoar, altså ord på sju bokstavar i ordboka, vert pugga, og ein lærer seg dei vanlegaste seksbokstavars kombinasjonane som kan utvidast til bingo. Mellom spela leikar dei seg med andre ordleikar.

Fatsis vert fascinert av dette, fyrst som tilskodar, deretter som deltakar. Han klatrar på rankinglistene, og kjem til slutt over 1700. Dei beste ligg litt over 2000, men han innser at dit kjem han aldri, i alle fall ikkje så lenge han framleis skal halda fram som aktiv skribent. Innimellom alle dei gode personportretta, og dei gode skildringane av korleis han har det i turneringar, kjem òg historia om dette brettspelet. Det er altså eitt av dei spela som alle kjenner, eit spel det er selt millionar av verda over - omtrent utan at det er reklamert for det.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar