4. februar 2013

The Sons of Katie Elder (1965)

Endå ein eldre film på tog, endå ein film med John Wayne. Akkurat det var litt tilfeldig, men heldigvis er denne filmen langt betre enn Rio Grande.

Historia kan verka heller enkel. Katie Elder er død, og dei fire sønene hennar kjem heim for å vera med i gravferda. Den eldste av dei, spelt av Wayne, er rett nok med i skjul, og går ikkje fram til grava før alle andre er reist heim. Det hintar om at her er eit eller anna som ikkje stemmer, og slik held det fram i filmen. Filmen har nok uventa vendingar til at det ikkje er opplagt kva som vil skje.

Noko av handlinga er likevel opplagt. Tre av dei fire brørne har klare særtrekk. Eldstemann, John (Wayne), er ein rutinert og respektert revolvermann, som truleg har teke livet av folk i aust og vest. Tom (Dean Martin) er ein notorisk gamblar, som òg har vore med på litt av kvart. Yngstemann, Bud (Michael Anderson), har så vidt vore innom på college, av di mora ville at ein av ungane skulle få utdanning, men har ikkje lyst til å halda fram - han vil verta slik som eldstebroren. Den fjerde broren, Matt (Earl Holliman), er heller anonym, og det er difor ikkje noko bombe at han er den einaste av brørne som misser livet i filmen.

Dei tre eldste brørne vil heidra mora, og går inn i ein hestehandel. Hestane skal til Colorado, men på vegen vert dei tekne til fange, av vise-sheriffen, som anklagar dei for å ha drepe sheriffen. Herfrå og ut køyrer filmen midt på vegen, det er ingen overraskingar meir, det er rimeleg opplagt både kven som har drepe sheriffen og kven som òg prøver å ta livet av dei fire brørne. Mot slutten av filmen har Wayne fått nok av å heidra mora, og når han hentar fram revolverane er det ikkje lenger tvil om kven som går levande ut av filmen.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar