20. april 2013

Merethe Lindstrøm: Natthjem (2002)

Eg har lese fleire bøker av Lindstrom det siste året. Denne imponerte meg ikkje like mykje som dei andre. Her er gode parti, men det går lenge før boka vert bra. Lindstrøm bruker lang tid på å etablera rammene for det som skjer, litt for lang tid. Den fyrste halvdelen av boka er sprikande, ting vert for omfattande, og samstundes vert me òg presenterte for litt for mange personar på litt for kort tid. Boka hoppar litt i tid, og det er heilt greitt, men det gjer det ikkje enklare å følgja med på kven ting skjer med. Lindstrøm vekslar òg mellom to forteljarar, og det gjer òg at det er vanskeleg å koma inn i boka.


Hovudpersonen er Mai. Ho er kunstfotograf, og bur saman med ektemann nummer to, og tre ungar. Far til den eldste ungen, Inge, bur i nabolaget, men etter ei rettssak om foreldrerettar året før snakkar dei ikkje med kvarandre. Ho slit òg med skuldkjensle etter at ho (kanskje) var skuld i at bror hennar som heilt liten vart dauv. Mai er ein dyktig fotograf, men er ikkje like flink med folk. Ho skulle gjerne hatt eit nærare forhold til Inge, som på si side heller ville budd hjå faren.

Me får vita meir og meir om Inge utover i boka, og han vert etter kvart minst like interessant som Mai. Han går mykje for seg sjølv, den tryggleiken og det fellesskapet han leitar etter finn han korkje hjå faren eller mora. Han trivst godt saman med eit piggsvin han har funne, og tek seg av det slik ein forelder burde ta seg av ungen sin. Tilhøvet mellom ungar og foreldre går igjen i heile boka, og slik sett er det eit klart signal om kvar Mai sviktar, det at Inge faktisk tek seg betre av piggsvinet enn ho gjer av ungane sine.

Det er altså ikkje den beste Lindstrøm-boka eg har lese, dette, men det skal jo òg noko til. Eg koste meg likevel tidvis i den siste halvdelen av boka, der Inge vert dregen mot fleire potensielle farar.

Guffen er lunken.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Ingenting om mørket (2003)
Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar