21. april 2013

Searching for Sugar Man (2012)

Artisten Rodriguez voks opp i Detroit, og gav ut to LP-ar rundt 1970. Platene selde så godt som ingenting i heimlandet hans, og han avbraut innspelinga av den tredje LP-en, fekk seg ein jobb i byggjebransjen, og gav opp musikkarriera. Han vart ein gløymt artist, over så godt som heile verda. Bortsett frå i Sør-Afrika.

Platene hans vart opphavleg ikkje utgitt der, så korleis han vart så populær der er uvisst. Ei vanleg forklaring er at ei amerikansk jente hadde med plata på eit besøk til Sør-Afrika, nokon kopierte plata til kassett, desse kassettane spreidde seg raskt, og eit sørafrikansk plateselskap gav omsider ut platene hans. Kven han var var likevel ukjent, det stod ingenting om han på platene, han turnerte aldri, vener i USA visste heller ikkje noko om han. Det festa seg like godt ei oppfatning av at han i frustrasjon over den manglande interessa like godt hadde teke livet av seg midt under ein konsert.

Midt i nittiåra vil to sørafrikanske journalistar finna ut meir om han, og får seg nokre overraskingar. Det viser seg at han lever, og i 1998 kjem han til Sør-Afrika for å halda konsertar. Han reknar ikkje med at folk er interesserte, men spelar for fulle hus.

Det er altså ei høgst original historie, som vert fortalt på ein fin måte. Fram til midten av filmen ser me omtrent ikkje bilete av Rodriguez, og det vert teke for gitt at han faktisk er død. Dei som vert intervjua om han er folk som kjende han eller samarbeidde med han, og i dei intervjua kjem det heller ikkje nokre hint om at han lever. Så snur det, intervjuarane reiser til USA og møter han og døtrene hans, dei vert med på turneen til Sør-Afrika, og det som gjer dette så godt er at Rodriguez verkar som den mest laidbacke personen ein kan tenkja seg.

Det er ein fin film. Det er rett nok råd å stilla spørsmål ved den journalistiske teften til dei to som leiter etter han - dei er på nippet til å gje opp heile greia, dei finn ikkje ut av nokon ting, men fyrst då kjem dei på at dei bør kontakta han som står som produsent for platene hans. Dei hadde ikkje så god hjelp av Internett, men det har me i dag: Det viser seg at dei har kutta ut noko relativt viktig frå filmen - Rodrigiez var også stor i to-tre andre land på den sørlege halvkula, og var til dømes på to turnear i Australia rundt 1980. Akkurat det endra ikkje filmopplevinga for meg, men likevel.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar