11. mai 2013

Steffen Kverneland: Munch (2013)

I Kanon-hefta, som Steffen Kverneland og Lars Fiske står bak, har der vore fleire biografiske seriar om Edvard Munch. Her har Kverneland samla desse, og utvida prosjektet til ein glitrande teikneseriebiografi om Munch.

Boka opnar med at Kverneland forklarar Fiske korleis han vil arbeida. Han tek utgangspunkt i kva Munch og andre har skrive om livet hans, altså ikkje heilt ulikt måten han arbeidde med Illustrerte klassikere. Det aller meste av teksten i boka er henta frå desse kjeldene, men ein sjeldan gong kjem Kverneland med eigne tekstar. Av og til dukkar han òg opp i illustrasjonane, gjerne saman med Fiske, og gjerne i fotografisk form.

Dei som vil ha alle detaljane om livet til Munch må leita andre stader; dette er ikkje ein slik biografi. Kverneland konsentrerer seg om nokre periodar i livet til Munch. Munch budde nokre år i Berlin og Paris, der han hadde mykje kontakt med andre skandinaviske kunstnarar. Spesielt forholdet til Strindberg får mykje plass. Forholdet og lengten etter to kvinner, Millie Thaulow og Dagny Juel prega likevel Munch meir, og Munch var òg prega av at han miste fleire familiemedlemmar på relativt kort tid. Kverneland fortel om ein Munch som utelukkande arbeider sjølvbiografisk, og med utgangspunkt i tekstutvalet prøver han å visa korleis desse hendingane prega Munch, og inspirerte han til å måla.

Og dette gjer altså Kverneland på ein finfin måte. Han vekslar mellom ulike teiknemåtar; der han ofte flettar inn referansar til bilete av Munch, eller attgjev dei, så godt han greier. Kverneland har laga mange gode teikneseriar før, og han kjem sikkert til å laga mange fleire gode seriar, men det er ikkje utenkjeleg at dette vert ståande att som hovudverket hans.

Guffen tilrår.

1 kommentar:

  1. Kanonheftene til Fiske og Kverneland er jo bare kanonbra! Og Kverneland er i mine øyne helt øverst i tegneseriepyramiden i Norge; om ikke en Munch så helt klart en Kvern

    SvarSlett