14. juni 2013

Police Squad (1982)

Dei aller, aller fleste fjernsynsseriane held på altfor lenge. The Office får gjerne skryt for at dei gav seg etter tolv episodar, slik tilfellet òg var med Hotell i særklasse. Det vart berre laga seks episodar av Police Squad, men det var ikkje av eiga vilje - serien vart kansellert av ABC.

Det er vanskeleg å skjøna i dag. Serien er tidvis glimrande. Han er ein parodi på detektivseriar, og til å spela hovudrolla i ein slik parodi kan ein vanskeleg tenkja seg ein betre eigna skodespelar enn Leslie Nielsen, i rolla som Frank Drebin. Han ser ut til å vera rundt seksti, er kraftig hjulbeint, og har stort sett berre eit ansiktsuttrykk. Er han dum? Er han smart? Er han heldig? Det er høgst uklart.

Saman med ein annan politimann løyser han relativt enkle mysterie. Det er ikkje mysteria som er interessante, og det er heller aldri vanskeleg å finna ut kva som har skjedd. Rundt oppklaringane fløymer det av visuelle og verbale vitsar. Språklege misforståingar florerer det av, som i den fyrste episoden, der ein kar som heiter Twice vert skoten. I avhøyret skjønar ikkje Nielsen at Twice er eit namn, slik at utsegner som "and then he shot Twice" vert etterfulgt av noko slikt som "Twice? I thought you said he shot once?"

Drebin verkar altså relativt enkel, og mangelen på pålagt latter gjer at han verkar endå enklare. Her er mange repetisjonar frå episode til episode, her er tidvis solid overspeling, og her er altså meir enn nok å le av. Nokre av vitsane fell på steingrunn, men det skulle nesten berre mangla, såpass mange som det er av dei.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar