10. november 2013

Frost/Nixon (2008)

Er historia god nok, trengst det ikkje mykje action i ein film. Det klassiske dømet på det er Alle presidentens menn, ein film om korleis dei to journalistane Woodward og Bernstein avslørte Watergate-skandalen. Watergate handla om korleis folk frå den republikanske Nixon-administrasjonen var innblanda i avlytting av eit demokratisk valkampkontor i Watergate-bygget.

Denne filmen handlar om det som skjedde etter Watergate-avsløringane. Richard Nixon gjekk av i 1974, kanskje mest i frykt for kva som ville skje i ei rettssak om avlyttingane. Han vart benåda av etterfølgjaren sin, slik at det aldri kom noko rettssak. Nixon hadde ein stygg plett på rullebladet sitt, men vart altså aldri dømt. Han trekte seg tilbake til California, der han drøymde om å returnera til politikken.

Slik gjekk det ikkje. Intervjuet denne filmen handlar om spelte nok inn; om det var den einaste grunnen veit eg ikkje. Den britiske journalisten David Frost greidde i 1977 å få Nixon med på ei rekkje intervju. Frost var ein talkshow-vert, som tidlegare ikkje hadde vist noko interesse for politikk, og det var ein av grunnane til at Nixon takka ja: Med langt meir røynsle frå debattar ville han truleg greia å styra samtalen til sin fordel. Det greidde han bra, heilt til den siste dagen, då Watergate var tema. Frost hadde førebudd seg ekstremt grundig, og fekk Nixon til å seia noko han aldri hadde sagt før - at han hadde svikta det amerikanske folket, og at det var noko han måtte leva med resten av livet.

Frost er van med å ta ting på sparket, og å spela på sin eigen sjarm, men her må han altså visa at han har litt i skallen, og at han kan vera ein kritisk intervjuar. Nixon har si oppfatning av kva som skjedde i Watergate, og er omgitt av folk som deler den oppfatninga. Eitt av høgdepunkta i filmen er når han seier at den amerikanske presidenten er heva over lova. Frost forstår at dette er ei utsegn som bør få hengja i lufta litt, og ventar med å seia noko. Nixon innser òg at dette vart feil, men seier heller ikkje noko. Fire-fem sekund der dei berre ser på kvarandre.

Sjølv om ein veit kva som kjem, er dette ein framifrå film. Og det er altså heilt utan action - her er knapt nok bilkøyring.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar