21. november 2013

Leif Halse/Jens R. Nilssen: Vangsgutane. Bind 1, 1940-42 (2013)

Vangsgutane er ein av dei klassiske norske teikneseriane; avgrensar me oss til dei nynorske seriane er Vangsgutane ein av dei fire store, saman med Smørbukk, Tuss og troll og Ingeniør Knut Berg.

Serien var eit tingingsverk. Hans Aarnes i Nynorsk Vekeblad ville ha ein serie som var ein motsats til Knoll og Tott, og det var akkurat det han fekk. Leif Halse skreiv manus, og dei to hovudpersonane, Steinar og Kåre Vangen, er den rake motsetninga til Knoll og Tott. Vangsgutane misser far sin tidleg i serien, men aldri har det vel eksistert gutar i ti-årsalderen som har vore betre rusta til eit slikt tap: Steinar og Kåre er modige, kloke, arbeidssame, ivrige, ærlege, uavhengige, sterke og snartenkte, og kan greia seg i alle moglege situasjonar. Dei kastar ikkje vekk tida, og veit ikkje noko betre enn å hjelpa mor si med gardsarbeidet - ein stad står det at "dei tek straks til med vedhogginga, og arbeidet går med liv og lyst".

Serien har òg ein motsetnad til Vangsgutane. Larris Skjorhagen har fått i oppgåve å erstatta både Knoll og Tott, og det greier han godt. Han er ein rakkarunge, og det er heilt greitt at han er med i serien, men Halse og teiknaren Jens R. Nilssen dreg det likevel for langt. Larris er eit problembarn, men problemet er større for serien enn for bygda. Der er ingen som bryr seg om han. Den rikaste bonden i bygda skambankar han, læraren gjer narr av rettskrivinga hans framfor heile klassen, og det er ålment akseptert at han skal plagast. Ingen bryr seg om at det er på heimebane dei største problema hans er. Boka sluttar med eit poeng som understrekar dette - faren ber han heim: "Larris heng og dinglar etter ermane og tenkjer på korleis det skal bli når han kjem heim." Litt uti boka verkar det som om Halse og Nilssen vert klar over at det vert for mykje - dei introduserer påsketuristen Fliropp, som fyller rolla som Larris i nokre sider.

Serien vart trykt i Nynorsk Vekeblad frå 1940. Sidene frå bladet vart samla i årlege jolehefte frå 1941. I denne boka er dei tre fyrste jolehefta samla, i det same ståande formatet som Nynorsk Vekeblad hadde. Det er ikkje noko stort poeng; alle sidene har nøyaktig same formgjeving, med seks like store ruter. Viktigare er det at Halse og Nilssen veit korleis ein serie skal fenga - spaninga vert gradvis bygd opp på kvar side, og det er alltid mest spanande i den siste ruta. Du får lyst til å bla om, du får lyst til å lesa vidare.

Med unntak av Larris er manuset heilt greitt. Det handlar mykje om spanande og spesielle hendingar, men av og til kjem og rolegare parti, der det handlar om drifta på garden. Om manuset er greitt, er teikningane langt betre. Jens R. Nilssen var ein meistarleg teiknar.

Nilssen teikna i alt 16 Vangsgutane-hefte, og Fonna Forlag har planar om å samla dei i i alt fem bøker. Det er eit godt tiltak, og viss dei i tillegg til seriane får plass til like gode artiklar som den Nils Nordberg skriv i denne boka, vert det endå betre.

Guffen tilrår.

Meir Vangsgutane på kulturguffebloggen
Bind 2, 1943-45 (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar