18. januar 2014

Blindpassasjer (1978)

Denne korte fjernsynsserien imponerte meg nok meir då eg allernådigst fekk lov til å sjå han i 1978. Han var nok meir skremmande då enn no; no er det meir på grensa til komisk. Me kom i snakk om serien denne veka, etter å ha lese om at Jon Bing var død, og Marit var klar for å sjå han. Ikkje overraskande sovna ho halvveges.

Romskipet Marco Polo er på veg attende til ein romstasjon. Dei fem ombord vaknar etter ein lang søvn, og merkar at noko er gale. Dei finn ut at nokon eller noko har kome seg inn i skipet, teke livet av ein av dei, og sjølv omforma seg til ein tru kopi av vedkomande. Det er difor uråd å vita kven av dei som er falsk. Dei melder frå til romstasjonen, som etter å ha tenkt seg om seier at dei ikkje kan ta sjansen på å sleppa blindpassasjeren inn til seg. Dei gjev difor besetninga atten timar på å finna ut kven som er falsk; greier dei ikkje det, vert skipet sprengt i lufta.

Science fiction er eit stykke unna det eg vanlegvis puslar med, men historia verkar grei nok. Her er rett nok ein del matnat-forklaringar og aktivitetar som verkar lite truverdige. Skodespelet er stivt, det er litt for teatralske dialogar, og altfor lite temperament i spelet. Når blindpassasjeren vert avslørt, er det omtrent utan at ei einaste stemme vert heva. Romskipet er noko av det beste med heile serien. Marco Polo ser ut slik romskip skal sjå ut, både inni og utanpå, med høgteknologiske løysingar for mat og dører og alt det der. Dei mange datamaskinene har alle slik dataskrift som altfor lenge var vanleg, og grafikken ser ut til å vera sterkt inspirert av spaceinvaders. Så alt i alt - heilt grei tidtrøyte, i nokre kulissar av ei anna verd.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar