19. januar 2014

Keith Abbott: Downstream from Trout Fishing In America (2009)

Det er nokre år sidan, men eg koste meg stort då eg las eit par av romanane til Richard Brautigan. Fantasirikt, originalt, og prega av overskot; romanane likna på lite anna eg hadde lese då. Og det eg har lese no.

Denne korte minneboka fortel om venskapen mellom Abbott og Brautigan. Dei møtte kvarandre midt i 60-åra i San Francisco; begge drøymde om å verta forfattar. Brautigan hadde debutert, men selde lite. Det var ikkje før hippiane for alvor inntok byen, i 1967, at boksalet hans tok av. Han vart velståande, han vart kjendis, og han vart ein vanskelegare mann å ha med å gjera.

Grunnen ser ut til å vera dels alkohol, dels sjukdom. Abbott hintar om at Brautigan kan ha vore schizofren, men det ser òg ut til at det var alkoholen som var største problemet. Brautigan var, litt overraskande, heilt uinteressert i narkotika, men drakk som ein svamp. Verst var det etter at han flytta frå San Francisco til ein farm i Montana - han var slettes ikkje eigna til å bu på landet.

Denne delen av boka er fin. Abbott fortel om samhald mellom forfattarspirar, om korleis Brautigan delte av velstanden sin og tok seg av forfattarar som ikkje tente like godt, og om korleis Brautigan kunne vera like morosam og vimsete som bøkene gav inntrykk av. Men han fortel òg om dei mindre gode sidene ved Brautigan - om korleis venskapen visna vekk, men korleis han likevel vart prega då han høyrde at Brautigan hadde teke livet sitt.

Det siste kapitlet i boka bryt heilt med resten. Her skriv Abbott om kva som kjenneteikna bøkene til Brautigan, og her er han mindre overtydande. Kapitlet passar ikkje inn, og det verkar nesten som om det er teke med for å få boka litt lengre.

Guffen tilrår.

Meir Brautigan på kulturguffebloggen
Revenge of the Lawn (1971)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar