12. januar 2014

The Last of the Mohicans (1992)

Filmen er basert på ein av dei best kjende indianarromanane (viss det er ein sjanger). Romanen er rett nok langt meir omfattande enn denne filmen, og boka er òg ofte gitt ut i ein forkorta og visstnok langt meir lesverdig versjon enn originalen. Slik var det i alle fall med Norsk Barneblad-utgåva eg las då eg var liten.

Det skjer under den fransk-britiske krigen i Nord-Amerika. Nokre britiske soldatar vert angripne av huronar, som igjen vert jaga vekk av to mohikanarar og ein adoptert kviting, rett før dei har teke livet av alle britane. To kvinner og ein offiser vert førte til målet sitt, eit fort, av dei tre. Fortet er under angrep frå franske soldatar; britane gjev opp, og får forlata fortet. Dei legg vegen mot eit nabofort, men vert angripne av huronar, som tek livet av dei fleste, men røvar med seg dei to kvinnene. Mohikanarane, som saman med kvitingen er så sterke og flinke at dei ikkje treng vera fleire enn tre, tek opp jakta, og greier å befri den eine av kvinnene - den andre tek livet sitt, etter at den yngste mohikanaren er drepen.

Filmen er ikkje all verda. Han er sympatisk innstilt til indianarane, og kontrasten mellom indianarane og soldatane er stor. Det er ikkje tvil om kven som er siviliserte av dei. Indianarane er sprekare, kjenner naturen betre, og er så godt som heile tida i sitt rette element. Likevel, dette er sjølvsagt ikkje nok for å redda filmen, og det er heller ikkje dei glimrande naturbileta. Det vert litt for lite originalt, og det er aldri spesielt vanskeleg å skjøna kva som kjem til å skje.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar