27. mars 2014

Geir Gulliksen: Tjuendedagen (2009)

Forteljaren i denne boka, Liv, er ikkje direkte ekstrovert. Ho snakkar lite, få snakkar til ho, ho viser få kjensler, ho får ikkje til det der med utdanning, og så godt som ingen bryr seg. Dei åra ho studerer i Bergen er det berre ein som prøver å ha kontakt med ho, og den fyrste av dei tre delane av boka handlar om han.

Han fortel kona at han har lyst til å sjå henne saman med ein annan mann. Det vert realisert, og dei tre innleier eit kort og hektisk trekantforhold, der det meste er lov. Han andre mannen bryt av forholdet når han vert saman med ei anna kvinne, og etter at bilete han tok av dei tre saman vert spreidde til fleire, tek den fyrste livet sitt. Dei to siste (og kortare delane) fortel om livet til Liv, og om det som hende etter at han tok livet sitt.

Kor mykje av dette som eigentleg skjedde, kjem ikkje fram. Det er kanskje heller ikkje så viktig om det er sant eller ikkje, men eg hellar mot at det meste er fri fantasi frå Liv si side. Ho har alltid likt å skriva, utan å få det heilt til. Ho har flytta til Oslo, fått seg sambuar, men når det endeleg løysnar med skrivinga vert det det viktigaste i livet hennar, og forholdet til sambuaren skrantar.

Ho skriv om ting ho ikkje kan ha visst om. Han ho kjende frå Bergen vert heile tida omtalt som du, så det verkar som om heile boka er noko ho har skrive til han, som ho truleg likte langt betre enn det ho gjev (og gav) inntrykk av. Ho diktar fram ei fantasiverd, der det skjer spanande og grensesprengande ting. Eitt av dei siste kapitla har tittelen "jeg lever, som alltid, gjennom andre", og det er akkurat det ho gjer. På slutten har ho teke kontakt med enkja etter du-personen, og tenkjer på korleis ho ville lika å lesa det Liv har skrive om henne. Romanen sluttar med setninga "Hun ville jo ikkje kjent seg igjen".

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar