18. mars 2014

Hearts of Darkness (1991)

Eg har sett Apocalypse Now tre-fire gonger, trur eg. Det er ein film som gjerne kan sjåast fleire gonger, og etter denne dokumentaren får eg endå meir lyst til å sjå han igjen.

Hearts of Darkness fortel om eit filmprosjekt som mange gonger song på siste verset. Francis Ford Coppola sleit med å få finansiert filmen, og pantsette alt han eigde for å få det til. Dei filma på Filippinane, der det var borgarkrig, og hadde lånt helikopter av det filippinske forsvaret. Nokre gonger måtte dei avbryta filminga av di forsvaret trong helikoptera i borgarkrigen. Etter nokre vekers filming fann Coppola ut at Harvey Keitel, som skulle ha hovudrolla i filmen, ikkje var den rette. Han vart erstatta av Martin Sheen, og dei tok til med filminga på nytt. Det var drikking, det var dop, det var omskriving av manus, det var utfordringar med den lokale stamma. Sheen fekk eit lite hjarteinfarkt, og filminga vart utsett nokre veker. Marlon Brando kom til settet heilt mot slutten av filminga, og var ein svært krevjande kar å ha med på laget.

Filmen er ei god blanding av klipp frå den ferdige filmen, klipp frå filminga, nye intervju med dei som var med, og lydopptak kona til Coppola gjorde under innspelinga. Ho tok ofte opp det han sa om kveldane, då dei var på tomannshand, og desse opptaka viser at Coppola var usikker på kor bra dette vart. Andre fortel at han overtydde dei om at filmen ville få ein nobelpris; sjølv seier han at filmen verkar som eit makkverk. På eit foto frå innspelinga held han ein pistol mot sin eigen tinning; i eit nytt intervju seier han at han lurte på å kasta seg ut frå toppen av eit høgt stillas, slik at han til ei viss grad kunne gå ut med stil.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar