3. mars 2014

Made of Stone (2013)

The Stone Roses har hatt ei berg og dalbane-karriere. Dei kjem frå Manchester, og etter nokre år der dei vart større og større i heimbyen, slo dei verkeleg gjennom med debut-LPen sin i 1989. Dei neste åra var dei det største bandet i England, men dei somla alt vekk - det tok fem år før LP nummer to kom, og nokre år etterpå forlet fyrst trommeslagaren, så gitaristen, bandet. Dei framstod ikkje akkurat som gode vener i ettertid, og ein reunion verka utenkjeleg.

I 2012 kom dei likevel saman igjen, og det er i hovudsak det denne filmen handlar om. Me er med på øvingar, me er med på den fyrste konserten (ein gratiskonsert som vart gjort kjent om ettermiddagen same dag), på nokre konsertar rundt i Europa, før dei to store konsertane på Heaton Park i Manchester.

Musikken svingar, men det som er like bra er alle reaksjonane frå publikum. Spesielt før, under og etter gratiskonserten kjem det ei rekkje vitnemål som provar kor viktige The Stone Roses var for mange. Dei fire i bandet ser òg ut til å vera i godt humør, det er mykje vitsing og latter. Scena rett før dei skal på scena saman for fyrste gong er stor - dei står og trippar backstage, med store smil, og kan knapt venta på å sleppa til.

Innimellom kjem det òg opptak frå gamle dagar. Desse er vel mest tenkt som pausefyll, men eg kunne gjerne tenkt meg at det vart gjort meir ut av dei. Filmen dreg opp fleire spørsmål den ikkje svarar på. Kvifor vart gruppa oppløyst midt i 90-åra? I 2012 forsvann trommeslagaren før ekstranummera på ein konsert i Amsterdam, forbanna på det meste - korleis forklara han det sjølv? Og kvifor kom han tilbake? Heilt utan lyte er altså ikkje denne filmen, men det meste er bra. Ikkje minst musikken - vokalisten er heilt på det jamne, men dei tre andre er framifrå musikarar.

Guffen tilrår.

Meir Stone Roses på kulturguffebloggen
Simon Spence: The Stone Roses. War and Peace (2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar