3. mars 2014

Pulp Fiction (1994)

Det er mange grunnar til at dette er ein god film. Det er ein god historie, eller rettare - fleire gode historier. Her er ei rekkje gode og originale karakterar. Det er ein film som skapar mange ulike kjensler - her er ting å le av, men her er òg ting å grina av, og ting å verta kvalm av. Og - kanskje mest av alt - her er fantastiske dialogar.

Filmen har tre hovudpersonar, men rundt dei er det ei rekkje bipersonar. Så godt som alle desse har orda i si makt. Gode replikkar kjem på rekkje og rad. Det har ingenting å seia kor dramatisk situasjonen er; replikkane er suverene. Det hjelper sjølvsagt at hovudpersonane tek det meste med fatning.

Historia vert ikkje fortalt kronologisk. Ein komprimert (og kronologisk) versjon: Dei to leigemordarane Jules og Vincent hentar ein stresskoffert som tilhøyrer sjefen deira hjå fire ungdommar. Dei drep tre av dei, medan den fjerde, som er informanten deira, ved eit uhell vert skoten i bilen på veg vekk. Dei får hjelp til å vaska bilen, og går deretter til ein diner for å eta frukost. Dineren vert rana, men Jules nektar å gje frå seg kofferten. Vincent vert drepen nokre dagar seinare, av ein boksar som har prøvd å lura sjefen deira.

Det var kanskje i det komprimeraste laget, men det er ikkje så nøye. Ved sida av desse linene skjer det òg litt av kvart; kvelden der Vincent tek med seg kona til sjefen på middag er til dømes innhaldsrik, og har ei svært elegant dansescene. Og ei (eller fleire) underhaldande dopscener.

Guffen tilrår.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar